Plast og feilmerking

Var det fleire enn meg som lærte noko nytt etter å ha lest denne saka for nokre veker sidan?

Mykje av plastemballasjen skal sorterast som restavfall, -sjølv om det er merka plastavfall. Grunnen er sølvfolien på innsida av nokre av posane.

Det er flott at avisene set fokus på feilmerkinga, så det forhåpentligvis kan rettast opp i.

-Så skal eg hugse å sortere rett neste gong eg heilt aleine tek knekken på to chipsposar på ein kveld.*

*Til mitt forsvar: rotfruktchipsen til Änglamarkt er hinsides god!

Bornebursdag og kino i gåve

Gåver i bornebursdagar kan vere vere kinkige saker. På eine sida skal ein kjøpe noko til ein nøktern sum, samstundes som ein syns det bør vere noko skikkeleg. Det er ikkje enkelt, særleg ikkje når bornebursdagane vert fleire og fleire. Det vert fort små Lego-ting og x antal hårklemmer, -ting som folk gjerne allereie har mykje av frå før.

Då eldstemann skulle i bursdag til ein god ven før helga, prøvde me noko nytt. I staden for å gå for den vanlege legoen, kjøpte me kinobillett og popcorn, med beskjed om at bursdagsbornet skulle vere med kompisen på kino i nær framtid.

Eg var litt spent då eg lufta idéen for sonen vår. Det er ei sak at eg som er vaksen syns det er utruleg stas å få ei oppleving eller berre tid saman med dei eg er glad i i gåve, men for gutar på fem år som er tungt inne i Lego-alderen, er det ikkje like sjølvsagt. Eg fekk likevel uventa drahjelp frå serien Villmarksbarna på NRK Super. Der hadde han sett at den eine guten gav skitur i gåve til systra, og då var det på ein måte som å feire bursdagen to gonger! Dei hadde gått på ski, ete sjokoladekake og hatt det veldig gøy, -i tillegg til den vanlege bursdagsfeiringa! Kino syns han difor var ein god idé.

Gåva fall også heldigvis skikkeleg i smak hjå jubilanten og no er det planlegging på gong med omsyn til kva kino me skal sjå.

Til neste år byrjar han på skulen og eg veit fleire klassar der har dette systemet. I staden for å gi smågåver, gir kvar unge i staden 50 kr kvar. Det er jo genialt! Då kan jubilanten kjøpe ein ting han/ho verkeleg ynskjer seg sjølv, i staden for å få hundre småting som blir skapfyll. Det er igjen også fin-fint for miljøet.

Kva syns du? Har du nokre erfaringar med bornebursdagar og gåver?

Søndagsmorgon med Bergenslengt

I dagmorges då eg steikte rundstykke til frukost, lukta det brått Godt brød på kjøkenet. Godt brød i Vestre Torvgate i Bergen, rett nedanføre Nygårdshøyden. Der me gjekk på kryss og tvers som studentar og sniffa på den deilige lukta frå bakeriet då me gjekk forbi. Det lukta nybakt brød og kanel, -og det gjorde det her også i dagmorges, då mannen baka kanelbollar eit par dagar før. Det er rart med lukter. Dei kan ofte framkalle sterke minne hjå meg, og etter denne morgonen vart ikkje lysta på ei bergenshelg mindre. Tenk på alle studentar som får oppleve studiestart i Bergen i desse dagar. Oi oi oi, så heldige dei er! Mon tru om me kan få tatt ei helg der i løpet av hausten.

Uansett, desse rundstykka pleier eg å lage 3-4 gonger i veka. Det vert rundt 8 rundstykke, og det er akkurat nok til frukost, ein matboks og kvelds. Det vert betydeleg mindre matsvinn når me lagar få rundstykke i staden for mange om gongen. Ein kan alltids fryse ned, men med eltefri deig er det så enkelt at ein kan røre saman ny deig kvar kveld. Då har ein i tillegg rykande ferske rundstykke på under 30 minutt dagen etter. Etterheving er nemleg ikkje nødvendig!

6-8 rundstykker*

  • 250 g sikta kveitemjøl
  • 150 g sammalt rugmjøl eller anna grovmjøl
  • 50 g havregryn
  • 50 g sesamfrø
  • 1 ts tørrgjær
  • 1 krm salt
  • 4 dl vatn

Rør saman alle ingrediensene og dekk bolla med eit lok, fat eller anna som held det nokonlunde tett. La det heve over natta.**

Morgonen etter tek du ei sleiv og lagar 6-8 jamnstore klattar med deig på eit steikebrett dekka med bakepapir. Dryss sesamfrø på toppen. Sett steikebrettet inn i kald omn og sett den på 225 grader. Steik i ca. 20 minutt. La dei kjølne litt før du serverer.

*eg lagar desse rundstykka alltid på slump etter kva eg har i kjøkenskuffa, men hovudregelen er at det bør vere minst halvparten sikta kveitemjøl. Elles vert dei ikkje gjennomsteikte.

** eg set som oftast deig i ni-ti-tida om kvelden før eg går og legg meg. Då får deigen rundt åtte timars heving, før eg står opp igjen.

Ha ein fin søndagskveld!

/Inga

 

Luksus innpakka i biepapir

For nokre veker sidan fekk me eit stort stykke parmesan frå ein god nabo som hadde vore på ferie i Italia. Den smakte heilt nydeleg, og har blitt brukt til alt i frå høgtidleg pålegg på knekkebrødet til topping på pasta og supper.

Samstundes prøver me å spare lengst mogleg på den! Då er det fint at me har bivokspapir i hus. Det har vore i bruk sidan eg fekk det til jul, og det er heilt genialt! Eit mykje smartare alternativ til plastfolien. Parmesanosten kan oppbevarast lenge i kjøleskapet, utan at den mister smak eller tørker ut.

Bivokspapir kan ein få kjøpt hjå Økokrambua og hjå Life Brandtzæg i Skippergata her i Haugesund. Ein finn det også på nett hjå Agent M og hjå Be:Eco Shop.

Kvit Astrakan

Eit av prosjekta i helga var å lage eplemos av dei første epla frå Etne. Me har fleire eplesorter der inne, men mesteparten av epla kjem frå gamle epletre som oldemor mi planta. Om eg ikkje tek feil, heiter sorten på to av trea Hvit Astrakan. Dei er tidleg modne, er saftige og gode, men med kort haldbarheit.

Eg har prøvd å lage juice på dei, men ferskpressa får dei ein litt emmen ettersmak. I staden er epla nydelege i eplekake, eller i det me et aller mest av; eplemos! Det er godt til youghurt og müsli, men oftast bruker eg det som tilskot i smoothie i staden for kjøpe-eplejuice. Eg har difor ikkje i sukker, men om du ynskjer å lage ein søtare mos til bruk som syltetøy, kan det vere godt med litt ekstra søtning. Oppskrifta eg bruker finn du her.