Helgefrukost

      

I vekene blir det fort ein kjapp havregraut eller youghurt med müsli til frukost. Akkompagnert av mengder med kaffi. Frukosten er favorittmåltidet og havregraut er ein sikker vinnar. Likevel er det hyggeleg å slå litt på stortromma i helgene. Laange helgefrukostar er tross alt noko av det finaste som finst. I går vart det omelett med litt karbonaderestar og diverse andre godsaker som låg i kjøleskapet etter tidlegare middagar. Med rista surdeigsbrød og timian på toppen vart det topp (for ikkje å sei ryddig i kjøleskapet!)

I dag gjorde eg eit forsøk på å posjere egg etter gamalt. Det gjekk så där. Smaken vart som den skulle men egga hadde ikkje vunne ei skjønheitstevling. Eg trur eg hadde for lite mykje eddik i vatnet, så det tok tid før eggekvita stivna. Likevel vart dei etter ein liten redningsaksjon samla til ein klump og fortært saman med litt nykverna pepar og ansjos. G.o.d.t.!

Då me var i Valdres forrige helg, var me innom Wangensten på Leira. Der henta me rakfisk og fekk òg med oss diverse ostar frå nyoppstarta Valdres ost. Me prøvde Helin (nøkkelost), Syndin (krydra med brennesle) og Bufar (kvitost laga av stølsmjølk). Alle ostane kan varmt anbefalast. I tillegg til nydeleg smak, har dei fin design og flotte namn! Osten er handlaga og inneheld heilmjølk frå gardar i Valdres. På knekkebrøda i dagmorges hadde eg Syndin og Helin. Bufar-osten forsvann i løpet av helga i Valdres. 🙂

(Dette er forøvrig inga annonse for Wangensten. Berre pur matentusiasme!)

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s