Fajitas med fisk

Dette er ein middag som vart til på slump ein grå tysdagsettermiddag. Ikkje berre smaka det uventa godt, – det var kjernesunt òg!

Dette er kort og godt fajitas men kjøtdeigen er byta ut med kvit fisk og dei tradisjonelle texmex-grønsakene er byta ut med aspargesbønner og spinat. Med litt reven parmesan, rømme, nokre jalapenos og tomatsalsa på toppen, smakar det utruleg godt!

Ingredienser for to personar

  • 2 -3 fullkornfajitas
  • 200-300 g kvit fisk (torsk, lyr etc.)
  • 1 pk frosne aspargesbønner
  • 2 nevar spinat
  • jalapenos
  • parmesan
  • lettrømme
  • salsasaus
  • salt og pepar
  • rapsolje

Varm omnen til 200 grader.

Legg fisken i aluminiumspakkar saman med litt rapsolje i botn og litt salt på toppen. La pakkane omnsteike på 200 grader i 15-20 minutt*. Pakk fajitaslefsene inn i aluminium og la dei varme saman med fisken når det er 4-5 minutt igjen.

Medan fisken steike koker du opp vatn og litt salt i ei panne. La aspargesbønnene trekke i 5 minutt før du heller av vatnet.

Spinaten er like god pannesteikt som rå. Dersom ein skal pannesteike den bør ein bruke ei tørr og oppvarma panne.

Dander fisk, grønsaker og anna topping på fajitaslefsene og drypp gjerne over litt limesaft til slutt.

* Hvordan koke vann (Andreas Viestad) anbefaler å omnsbake fisken på 150 grader i 20 minutt, for så å skru ned temperaturen til 120 grader. Fisken er ferdig når den har ein kjernetemperatur på 50 grader. Eg har prøvd utan steiketermometer men fisken blir litt for rå. Det kan godt hende dette kjem av omnen vår, men for å beholde steiketida innan 20 minutt, har eg difor skrudd opp temperaturen litt.

/Inga

One thought on “Fajitas med fisk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s