Finnbiff

/ eg fekk tatt eit litt tåkete mobilbilete før maten forsvann på eit blunk! /

Då me var i Valdres laga nordlendingen i gruppa finnbiff på laurdagskvelden. Eg må ærleg innrømme at eg ikkje hadde smaka det før. Det var på tide. Finnbiff er himmelsk godt! Perfekt gryte som varmar om hausten. Saman med ei stappe og litt tyttebærsyltetøy er det eit festmåltid. Finnbiffen falt slik i smak at me har hatt det to helgar på rad. Etter å ha vore ute på springetur i sludd og regn på søndag, smakte finnbiffen om mogleg enda betre.

Oppskrifta er henta i frå Norsk mat av Andreas Viestad (men med nokre endringar).

Ingredienser

  • 500-600 g reinsdyrskav
  • 2-3 lauk, hakka
  • 100 g bacon
  • 300 g sopp
  • 2-4 einerbær
  • 1 kvist frisk timian eller 2 ts. tørka timian
  • 2 ss smør
  • 1 dl fløyte
  • 2 dl rømme
  • salt
  • brunost

Steik kjøt, lauk og bacon i ei stor gryte i ca. 10 minutt. Tilsett sopp og steik vidare i 5-10 minutt. Tilsett timian og einerbær. Hell over fløyte. Skru ned varmen og la gryta stå og putre i minst 20 minutt.*

Ha i rømmen like før ein severer. Smak til med salt og nokre skiver brunost for litt ekstra sødme. La det putre i 2-3 minutt til før servering. Server med rotmos, tyttebærsyltetøy og litt frisk timian på toppen.

* denne gryta er super til søndagskokkelering, då den gjerne kan stå og putre i eit par timar timar. Dess lengre, dess betre smak!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s