Sitrussalat med geitost og dadler

Sjølv om det går i haustleg mat om dagen, kan det vere godt å mimre litt om somaren når snøveret er like rundt hjørnet. Denne salaten inneheld mange gode smakar som til saman blir ei sur-søt oppleving. Godt!

Feldsalaten er i ein eigen klasse for seg. Små, delikate blad som er perfekt i salatar. Det kan kanskje vere vanskeleg å få tak i feldsalat no, men då nyttar ein berre ein annan type. Kumquat skal ein ete med skalet på. Hugs å vaske dei godt og fjern eventuelle steinar.

Eg nyttar kvit geitost frå Myrdal gard. Den er ufatteleg god og eg har sett den er å få kjøpt i fleire ostediskar rundt om. Eg kjøpte osten på Åkrafjordtunet, men dei har den diverre ikkje i nettbutikken. Halvfast, kvit geitost finn ein hjå mange produsentar, så det er berre til å spørje i ostedisken.

Ingredienser (utan mengdemål då eg laga den på slump)

  • feldsalat
  • sjampingjong
  • sjalottlauk
  • squash
  • dadlar
  • kumquats
  • kvit geitost
  • salt, pepar og olivenolje

Skyll salaten og grønsakene. Del ingrediensene i passande betar (hugs å fjerne steinen i dadlane) og fordel utover eit fat på ei seng av feldsalat. Ha over nykverna pepar, litt salt og god olivenolje. Nyt!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s