Middagsbesøk og aktivitetar

   

I dag vart heile Lier-familien invitert på bouillebaisse (legg ut oppskrift i morgon) etter barnehage, skule og jobb. Det er så kjekt når me får tid til slikt! Kvardagen går alldeles for fort, så det er ufatteleg fint når ein får tid til ein skikkeleg prat over middagsbordet. Då eg er i praksis og studerer desse vekene, har eg litt meir fleksible dagar enn vanleg. Dagen i dag vart difor brukt til oppgåveskriving medan suppekjelen putra.

Middagsbesøk kan til tider vere ei keisam affære når ein er liten. Det er difor veldig kjekt å ha nokre aktivitetar i bakhand. Gjestene på tre og ni år, fekk i oppdrag å pynte jordbær og kanelmuffins som var til dessert. Eittåringen var mest oppteken av å kike på pippi’en utanføre vindauget!

Eg hadde laga kvit og blå glasur (hurra for FN!) på førehand. Dei låg klar i spruteposar saman med diverse kakepynt. Dette var ein fin måte å aktivisere borna på, då middagen ofte er raskt unnagjort. Det var nokre djupt konsentrerte konditorar som vart sitjande ved bordet og for nokre fine muffins dei laga!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s