Potetsuppe med røykelaks og kaviar

Me har dei siste vekene laga meir norsk tradisjonsmat enn vanleg. Litt av grunnen er Andreas Viestad si kokebok Norsk mat som har blitt teken fram. Ein annan grunn er Rema 1000 sitt fokus på norsk tradisjonskost gjennom Middag for under hundrelappen (som er verkeleg bra!). Elles er fokuset på norske råvarer og kortreist mat stort om dagen og det er så flott!

Hausten er ei fin-fin tid å ta fram dei norske oppskriftene og råvarene igjen. Kanskje er norsk mat forutsigbar og utan piffen ein finn i meksikansk og indisk mat. Men ingen skal komme og seie at norsk mat er keisam og dårleg! Nykokt torsk med sprøsteikt bacon og rotstappe, honningsglasert lammelår, lammeskank kokt i mørkt øl over fleire timar og potetsuppe med røykelaks og kaviar er noko av maten me har laga den siste tida, -og for nokre høgdepunkt me har hatt!

Potetsuppa serverte eg til forrett då me inviterte vener på lammelår på søndag. Den runde potetsmaken saman med den salte røykelaksen og kaviaren var veldig god. Dersom ein toppar det heile med litt trøffelolje er ein i mål!

Ingredienser (nok til 6-8 som forrett)

  • 1 kg skrelte poteter
  • 3 purre
  • 2 dl fløyte
  • 1-2 terningar grønnsaksbuljong
  • 2-3 laubærblad
  • 100-200g røykelaks og/eller 30-50 g kaviar/lakserogn
  • trøffelolje (men ikkje nødvendig)

Skjer purren i 3-4 cm store betar. Kok poteter og purre i 1 liter vatn saman med fløyte, laubærblad og buljongterningar til potetene er mjuke. Fisk ut laubærblada og mos resten med stavmiksar. Fordel suppa i skåler og topp med røykelaks og kaviar. Drypp over litt trøffelolje om du ynskjer det.

Den neste tida lurar eg på å prøve meg på multer (multekrem?). Elles har eg kjøpt inn byggryn og raudbetar til å bruke i eitt eller anna. Har de nokre tips?

/Inga

2 thoughts on “Potetsuppe med røykelaks og kaviar

  1. Super blogg! Kom hit via vg, men no trur eg at eg har lest ca alle innlegga dine! Toppers at du skriv på nynorsk! Kan du legge ut oppskrifta på rotstappe? såg so spanande ut! Sidan eg ikkje er i Noreg no, får eg ikkje lasta ned middagsplanleggaren 😦

    1. Hei! Så hyggeleg at du kika innom og likte det du såg!! Eg kan legge ut rotstappa. Kein Problem. Legg den ut så fort som råd. Ha ein nydeleg dag! -Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s