Bouillebaisse

Bouillebaisse er blitt ein gjengangar haust som vinter. Suppa varmer, er full av kvitaluk og fantastisk sjømat. Sunt, godt og akkurat det ein treng når kulda trenger på. Oppskrifta er basert på denne, men eg har gjort nokre endringar.

Ingredienser (4 personar)

  • 1 lauk
  • 2 fedd kvitlauk
  • 4 ss rapsolje
  • 2 ss tomatpurè
  • 2 boksar hermetiserte, hakka tomater
  • 7 dl fiskebuljong / fiskekraft
  • 3 dl tørr kvitvin*
  • 1 purre
  • 1 fenikkel
  • 2 gulrøter
  • 700 g fiskefilet (eg nytta torsk og laks i denne suppa)
  • (blåskjell, reker)
  • salt og pepar
  • frisk dill

Finhakk lauk og kvitlauk. Surr i ei oppvarma gryte med litt rapsolje. Når lauken er blitt blank, heller ein i fiskekraft, vin og tomater. La det trekke i 10 minutt. Skrell og skjer purre, fenikkel og gulrøter i tynne skiver eller stavar. Legg i gryta og la det trekke i 5 minutt. Del fiskefiletane i betar. Kok opp gryta og legg i fiskefiletane. Skru ned varmen og la dei trekke til dei er gjennomkokt (5-10 minutt avhengig av størrelse). Smak til med dill, salt og pepar. Ha i eventuelle blåskjell og reker rett før servering.

Server med nybakt brød og aïoli.

* Eg nytta denne.

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s