Bagels New York-Style

dsc_0168-2

Forrige søndag var ein grå og regnfull haustdag. For å krampehalde på helgekjensla stod eg tidleg opp for å lage bagels. Bagels ha ry for å vere litt komplisert å lage. Det er dei ikkje, – så lenge ein ikkje går i fella eg gjekk i…  Til sjuande og sist var det ein suksess. Rykande ferske bagels med smøreost og ein espresso kurerte regnfull søndagsmorgon-gruff.

Bagels har ein meir kompakt konsistens enn vanlege rundstykke og kan varierast i det store. Oppskrifta fann eg her.

Ingredienser (8 bagels)

  • 2 ts tørr gjær
  • 1,5 ts sukker
  • 1,25 – 1,5 kopp med varmt vatn
  • 3,5 kopp mjøl
  • 1,5 ts salt
  • topping (om du ynskjer det): sesamfrø, salt, valmuefrø, finhakka lauk, finhakka kvitlauk etc.

Ha 0,5 kopp varmt vatn i ei bolle. Hell i sukker og gjær. Ikkje bland men la det stå i fem minutt. Etterpå mikser ein blandinga.

Bland salt og mjøl i ei bolle. Lag ei dump i midten. Hell i blandinga av sukker, gjær og vatn. Hell i halvparten av resten av det varme vatnet. Tilsett meir om du treng det. Bland godt. Resultatet skal vere ein fuktig men fast deig.

Elt deigen i ti minutt til den er mjuk og elastisk. Om du elter for hand på bakeflate, bør underlaget vere dekka av mjøl slik at deigen ikkje fester seg.

Pensle bolla med litt matolje. Rull deigen rundt i bolla slik at den får eit lag med olje på toppen. Legg eit fuktig handklede på toppen av bolla og la deigen heve i ein time. Etter ein time presser du deigen ned i bolla igjen, og lar den ligge 10 minutt til.

Del deigen i 8 betar. Her nytta eg ei kjøkenvekt for at dei skulle få same størrelsen. Trill deigbitane til små bollar. Stikk ein finger dekka med mjøl i midten av bollane og lag ein sirkel (ca. 2 cm i diameter). Plasser bagelsane på eit brett dekka med bakeark. Bakearket bør ein pensle med olje på førehand. Det er veldig viktig at dei ligg på olja underlag, eller så fester deigen seg til arket og bagelsane blir øydelagde i det ein skal lyfte dei opp igjen*.

Dekk bagelsane med eit fuktig kjøkenhandklede og la dei etterheve i ti minutt. I mellomtida varmer ein opp steikeomnen til 220 grader og set ei panne med vatn til kok. Når vatnet kokar reduserer ein varmen på plata.

Legg bagelsane varsomt i vatnet med ei tresleiv eller anna. Kor mange ein kokar om gongen, kjem an på størrelsen på panna. Når bagelsane er seinka ned i vatnet, tek det ikkje lang tid før dei flyt til toppen. La dei ligge i vasskorpa i 1 minutt, før ein snur dei og lar dei koke i to minutt til. Legg bagelsane tilbake på arket.

Dersom ein ynskjer topping, pensler ein bagelsane med eit vispa egg og har over det ein ynskjer. Når alle bagelsane er kokt og tilbake på steikebrettet, steiker ein dei i 20 minutt til dei er gyldenbrune. La dei kjølne på ei rist (om du klarer) før du går laus på dei.

 dsc_0151-1   dsc_0154-1

*Eg plasserte dei på eit tørt bakeark som nedanfor. Då deigen er særs klissete festa bagelsane seg til arket og vart heilt øydelagde då dei skulle lyftast opp og over i kokevatnet. Eg måtte til slutt forme kvar bagel heilt på ny, før eg la dei i vatnet. Den fine, jamne overflata bagelsane hadde etter etterheving, vart øydelagd og i staden enda dei med ein meir ujamn struktur (sjå bileta ovanfor). Det hadde ikkje noko å seie for smaken, men ein slepp mykje stress.

dsc_0182-1-2

P.S. Bagelsane er minst like gode dagen derpå dersom ein har dei litt i brødristaren!

/Inga

One thought on “Bagels New York-Style

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s