Heimelaga pastasaus

I somar handla eg tomater hjå eit lokalt gardsutsal og laga tomatsaus av det heile. Det vart utruleg godt og ikkje minst praktisk då det vart heimelaga (og sunnare) ferdigmat som ein kunne fryse ned til seinare. Pakkane med saus forsvann fort til pastarettar og pizza-laging. No må eg snart lage ny ladning. Gardsutsalet er stengt for vinteren, men tomater er det heldigvis heile året i butikken.

Heile poenget med denne oppskrifta er å omnsbake tomatene, slik at smaken vert meir konsentrert. Resultatet er himmelsk.

Ingredienser

  • tomater (eg anar ikkje kor mykje eg brukte her, men det er rundt ein kilo. Bruk gjerne ulike typar tomater.)
  • 10 fedd kvitlauk
  • 1 raudlauk
  • 1 neve basilikum
  • olivenolje
  • salt og pepar

Del dei store tomatene i to og fjern det harde som høyrer til stilken. Skjer dei i skiver og fordel utover eit steikebrett dekka med bakepapir. Slik kjem ein unna mykje reingjering. Cherrytomatene deler ein berre i to. Fordel utover steikebrettet og pass på at tomatene ikkje dekkar kvarandre.

Fordel grovhakka basilikum og lauk over tomatene. Reins fedda og legg dei på toppen. Dryss over flaksalt og nykverna pepar. Avslutt med å helle over litt olivenolje.

Steik på 230 grader i rundt 25 minutt med over- og undervarme. Her må ein passe på litt sjølv, då steiketida kan variere frå omn til omn. Ta ut steikebrettet når tomatene er blitt gyldenbrune i skalet.

La tomatene kjølne før du moser alt i ein kjøkenmaskin eller med stavmiksar. Pass på å få med alt søet på steikebrettet.

Dersom du har like liten frysar som meg, er det fint å fryse ned porsjonar i Ziploc-posar. Dei kan frysast liggande og ein sparer dermed mykje plass. I tillegg tar det langt kortare tid å tine sausen. Eg brukar 1 liters-posar som er nok til ein middag for to. Ut av denne porsjonen brukte eg tre posar.

       

NB! Dersom ein skal nytte denne sausen til pasta, er det enda betre med ein skvett matfløyte oppi. Server saman med fullkornspasta og litt frisk basilikum på toppen.

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s