Veltrent entrecôte med haustsmakar

Litt gras au naturel hadde sneke seg saman med graslauken i somar. Meir klorofyll til haustbleikingar!

Det er opprydnings-onsdag i kjøleskapet igjen. Denne gongen ser det ut til å bli ekko før neste vekeshandel. Det er kjekt! I dag måtte me gå laus på fryseboksen og me fann både entrecôte og frosen graslauk frå somaren. Saman med omnsbakt persillerot, kvitlauk, eple og sellerirot, vart det nokre fine haustsmakar.

Andreas Viestad er ein gjengangar i bokhylla på kjøkenet. Kokeboka hans Hvordan koke vann, forklarar ein del elementære ting som ein før trudde var rakettforsking. Som til dømes å steike ein perfekt entrecôte. Plutseleg blir høg temperatur, fleire steikeomgangar og kviletid nyvunnen kunnskap som løyser krøll ein hadde tidlegare.

Ingredienser

  • 2 epler
  • 2 persillerot
  • 1/2 sellerirot
  • 5 kvitlauksfedd
  • 2 entrecôte (200-250 g per person)
  • rapsolje
  • smør
  • salt og pepar

– Sett omnen på 200 grader.

– Pensle ei ildfastform med litt smør. Del grønsakene og epla i terningar og legg i forma. Kvitlauksfedda treng ein berre reinske. Legg nokre klattar smør på toppen. La det omnsbake i omnen i rundt 20 minutt. Eg er usikker på nøyaktig kor lenge eg hadde det ståande i omnen. Her bør ein fylgje litt med. Grønsakene skal vere møre. Rør forsiktig i blandinga undervegs.

– La kjøtet kvile ein times tid i romtemperatur før det skal steikast.

– Ha litt rapsolje i ei panne og skru den på høg varme. Krydre kjøtet med salt og pepar.

– Steik kjøtet på høg varme i 5-7 minutt. Vend kjøtet fleire gonger. Trekk panna til sides og la kjøtet kvile på ei rist i 4-5 minutt. Pass på å ha noko under som ein tallerken.

– Skru ned varmen til middels. Pensle litt smør på begge sider av biffen. Steik vidare i 3-4 minutt.

– Krydre med salt og pepar før servering.

«Kjøttet går fra å være bløtt, nesten motstandsløst, til å bli fastere, som en passelig veltrent rompe». I alle dagar. Rekn med at det kjem ein del sjølvransakande spørsmål om eigen fasthet etter å ha lest dette.

Server biffen på ei seng av grønsaker og strø over litt graslauk eller andre krydder. 

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s