Restetips: wrap

Middagsrestar av kylling og risotto med ekstra grønsaker og eple.

Viss du som meg ikkje ha kantine eller anna lunchordning på jobben, kan det av og til bli liten variasjon i matvegen. Ein knekkebrødpakke og smøreost var fast innslag i byrjinga, men eg fann fort ut at det blir for lite mat om ein skal halde ein heil arbeidsdag. Nok og næringsrik mat som gir mykje energi er særs viktig for å yte det ein skal.

I haust har eg byrja å ta med middagsrestar på jobben. Anten i dei fine boksane mine frå Easy Lunchboxes (dei skal eg skrive om i eit anna innlegg) eller i wrap. Uansett kor små porsjonar me lagar til middag, er det alltid restar til overs. Det er eit like stort mysterium som haugen med single-sokkar og nøklar/lommebøker som aldri ligg på same staden når ein skal ut døra. Likevel treng ikkje restar vere noko nitrist. I opp-pimpa versjon med ekstra grønsaker og liknande, har ein ein fullverdig lunch dagen derpå.

Sørg for å ha nokre fullkornslefser i hus. Eg pleier å fryse ned dei eg ikkje skal bruke innan få dagar. Då har ein alltid eit lite lager og ein kan tine ei og ei etterkvart som ein treng til lunchpakka. Fyll lefsa med middagsrestar og det du kan finne av grønsaker og frukt i kjøleskapet. Ein kan i bunn og grunn bruke alle typar middagsrestar. Einaste suppe fungerar litt mindre godt. 🙂 Rull saman lefsa og pakk den inn i aluminiumsfolie. Lefserullane mine har ein tendens til å bli så store at dei held til både lunch og mellommåltid. Saman med mykje vatn i glaset (eller smoothie om det er skikkeleg høgtid!) og ein god kopp kaffi, er ein proppfull av energi fram til middag.

   

No er det helg med gullrekka og beina på bordet etter joggetur. Eg laga litt konfekt av det sunne slaget i kveldinga som var så god at eg må legge ut oppskrifta i morgon. I tillegg lurar eg på om eg må setje ein deig til bagels. Helgefrukostane er tross alt noko ein gler seg til heile veka. 🙂

Ha ein fin kveld!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s