Sunn konfekt? Det er snickers og twist!

   

Her i veka las eg om snickerskonfekten denne flotte bloggaren hadde laga. Det høyrtes så godt ut at eg måtte prøve! Då eg ikkje har ingrediensene frå iHerb i hus, vart det ein forenkla versjon med vanlege matvarer som dei fleste har i kjøkenskapa eller kan få tak i på butikken. Til denne konfekten kan ein i utgangspunktet klare seg med berre tre-fire ingredienser. Alt etter kor søt ein ynskjer konfekten.

Ingredienser

  • 50 g tørka dadler utan stein
  • 1 dl salte peanøtter*
  • (ei ts agavesirup)**
  • kakao / mørk sjokolade

Finmal dadlar og salte peanøtter. Tilsett agavesirup om du ynskjer ei søtare blanding. Eg har prøvd med og utan og tykkjer kulene smakar like søtt med berre dadlane som søtningsmiddel. Rull kuler i ynskja størrelse og sett dei i kjøleskapet ein halvtimes tid. Avslutt med å rulle kulene i kakao eller dyppe dei i smelta sjokolade for så å la det stivne. Dryss gjerne hakka peanøtter på toppen dersom du har sjokoladetrekk.

* i går nytta eg peanøtter. I dag var eg tom og nytta slik salt salatblanding av nøtter og frø som ein kan kjøpe på butikken. Smakte like bra!

**Agavesirup finn ein i dei fleste helsekostbutikkane.

   

Min favoritt var kakaotrekk. Bitter sjokolade møter salte peanøtter og søte dadlar. Ufatteleg godt. Sunnare variantar innan søtsaker, eller snop som me seier, er alltid ein høydare. Rop ut om de har nokre andre tips i denne kategorien!

Ynskjer alle ein fin laurdagskveld. 🙂

/Inga

One thought on “Sunn konfekt? Det er snickers og twist!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s