Mat på mobilen

  

  

I løpet av ei veke knipsar eg stadig vekk små bilete av matgreier. Nokre bilete kjem på bloggen, medan andre blir liggande på pc eller mobil. Då eg er inne i restemodus om dagen, tenkte eg det var på sin plass å legge ut nokre reste-bilete, som har blitt knipsa i løpet av veke 45.

1. Orange saccottini-pasta. Fine miniatyr-pastasekker med fyll.
2. Kontorkaffi i den royale koppen. Kate og Will er framleis like forelska!
3. Restesuppe av grønsaker med sprøsteikt serranoskinke og timian.
4. Granateple er fine å sjå på…
5. …og innhaldet er fantastisk godt i salatar, saman med gryn, kesam eller heilt for seg sjølv.
6. Fine haustblad på frosen mark (ikkje noko for magen, men så fint at eg måtte ta biletet av det).

Det vart ingen kokkelering i dag då husbonden baud på wok då eg kom inn døra frå trening. Det er jammen meg fint å bli servert òg, så no blir det bok og te resten av kvelden. Eg er snart tom for te og kunne tenkje meg å prøve noko anna enn Earl Grey, myntete og grøn te med sitron. Har de nokre tips?

Ha ein god start på veka!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s