Pastasalat med artisjokkhjarter og rista valnøtter

Det vart ingen fiskemiddag. I staden vart det finnbiffkokkelering på kjøkenet då me fekk kjekt besøk! Besøket og mannen laga mat og eg vart forvist til ei vørterøl. Ingen dum onsdagskveld.

I staden legg eg ut oppskrift på ein salat eg laga ei tid tilbake. Hermetiserte artisjokkhjarter er ein fin ting å ha i kjøkenskapa. Saman med syrleg chevrè og rista valnøtter var det ein fin smakskombinasjon. Som vanleg når eg lagar salat, har eg ikkje noko eksakt mengde på ingrediensene. Eg laga alt på slump, så her må ein tilpasse etter eigen gane.

Ingredienser

  • frisèsalat
  • purre
  • squash
  • valnøtter
  • artisjokkhjarter
  • chevrè
  • pasta
  • valnøttolje / olivenolje
  • sitronsaft
  • salt og pepar

Sett ei panne med vatn til kok. Kok pastaen etter anvisningen på pakka. Bruk gjerne fullkornspasta. Skjer opp alle grønsakene i ynskja størrelse. Varm ei tørr steikepanne og rist valnøttene i 1-2 minutt, før du set dei til sides. Dander ingrediensene slik du ynskjer og hell over litt valnøttolje/olivenolje og nokre dråpar sitronsaft. Asvlutt med litt salt og pepar.

/Inga som krysser fingrane for fiskemiddag i dag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s