Raud linsesuppe


Hausforkjølelsen er komen i hus og det som må til er mengder med suppe og anna som varmer innvendig. Denne suppa er ikkje berre varm, den er óg proppfull av næring og godt krydra slik at det set piff i ein lat. No satser eg på at forkjølelsen blir jaga på dør ein gong for alle!

Ingredienser (4 porsjonar)

  • 3 ss rapsolje
  • 1 stor raudlauk
  • 2 fedd kvitlauk
  • 1 ss tomatpurè
  • 1 ts malt spisskumin
  • 1/4 ts salt
  • 1/4 ts kverna pepar
  • 1/2 ts cayennepepar
  • 6 dl kylling- eller grønsaksskraft/buljong
  • 3 dl raude linser*
  • 1 stor gulrot
  • safta av ei halv sitron
  • frisk koriander
  • rømme/matyoughurt

Finhakk lauk og kvitlauk. Varm ein kjele med rapsolje og surr lauk og kvitlauk i 2-3 minutt. Tilsett tomatpurè, spisskumin, salt, pepar og cayennepepar og la det surre i 3 minutt til.

Skrell gulrota og hakk den i terningar. Hell kraft, gulrot og linser i kjelen. La det småkoke i 30 minutt til linsene er mjuke. Smak til med ekstra salt og/eller cayennepepar om ein vil ha ei sterkare suppe.

Mos suppa med ein stavmiksar. Her kan ein velje mellom å berre mose halvparten for så å blande det med resten, eller mose alt. Varm opp suppa igjen og bland inn sitronsaft.

Server med frisk, grovhakka koriander og litt rømme eller matyoughurt.

* dersom ein nyttar tørka linser, tilset ein dei saman med kraft og gulrot. Dersom ein nyttar hermetiserte, har ein dei i suppa når det er 5-10 minutt igjen av koketida slik at dei blir oppvarma.

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s