Kokkelering med klementin #1

På laurdag var me på middag hjå ei venninne som er halvt amerikansk. Ho baud på full Thanksgiving-middag med kalkun og godt tilbehør. Det var ufatteleg godt og me nærast trilla heim att (noko som visstnok er ein viktig del av oppskrifta på ein vellukka Thanksgiving). 😀

Eg klarar ikkje heilt å sleppe dei gode smakane, så denne veka blir det hurtigversjonen av thanksgiving-middag her heime. Fylte kyllingfiletar har vore ein gjengangar tidlegare, men no blir feta og pesto byta ut med meir «julete» smakar. Som til dømes varm spinatsalat med pekannøtter og klementin og små gulerøter glaserte i klementinsaft og smør. Her er mange gode smakar og dette passar til meir ein kylling og kalkun.

Ingredienser salat (2 personar)

  • fire handfuller spinat
  • to klementiner
  • 50 g pekannøtter
  • 2 ss grovhakka timian**
  • 2 ss dijonsennep
  • 1 ss flytande honning
  • 4 ss olivenolje
  • salt og pepar

Varm ei tørr steikepanne på høg varme. Rist pekannøttene nokre minutt og legg dei så til sides. Steik spinat i nokre minutt i den tørre panna. Blada skal ikkje bli heilt samansunkne og slappe. Stopp heller for tidleg enn for seint. Legg spinatblada over i ei bolle. Bland saman sennep, honning og olivenolje. Vend salaten lett i dette og dander på eit fat. Del klementinene i båtar med ein kniv og skrell av skalet. Legg dei på toppen av spinaten saman med pekannøttene og timian. Avslutt med litt nykverna pepar og pittelitt salt.

Ingredienser gulrøter (2 personar)

  • 2 ss smør
  • 1 pakke knaskerøtter (250 g)*
  • safta av tre klementiner
  • 1/2 ts grovhakka timian**
  • salt og pepar

Smelt smøret i ein liten kjele over medium varme. Tilsett klementinsaft, gulrøter og timian. La det småsurre i fem minutt til gulrøtene er møre. Krydre med salt og pepar før servering.

* eg brukte knaskerøter som ein får kjøpt på butikken, men oppskjærte stavar av større gulrøter er like bra.
** ein måå ikkje ha timian, men det gir ein god spiss på smaken.

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s