Lun quinoasalat med rosin og dill

sal2   dsc_0044-3-e1342170552933

Eg har blitt hekta på quinoagryn. Det er fiberrikt, sunt og godt. Det er fort å tilberede og passar fint i salatar eller som tilbehør til annan mat.

Denne kombinasjonen med dill og søt rosin var super. Rosinene kan ein fint byte ut med korinter eller annan tørka frukt eller bær. Friske bær eller granateplefrø kan óg passe fint. I tillegg innbiller eg meg at rista valnøtter smakar enda betre enn rista sesamfrø. Her kan ein eksperimentere i det vide og breie!

Ingredienser

  • 1 kopp quinoa
  • 1,5 kopp vatn
  • 1 kopp rosiner
  • 1 kopp grovhakka dill
  • 1 sitron
  • 4 ss sesamfrø
  • 1 agurk (kan bytast ut med squash)
  • 1 raudlauk (kan bytast ut med vårlauk)
  • olivenolje
  • salt og pepar

Skyll quinoaen i kaldt vatn og kok opp saman med 1,5 kopp vatn og litt salt. Skru ned temperaturen og la det småkoke i 15 minutt. Ta kjelen av panna, ta av loket og legg over eit kjøkenhandklede før ein legg loket på toppen igjen. La det dampe i 10 minutt.

Varm ei tørr steikepanne på høg varme. Ha i sesamfrøa og rist dei til dei vert gyldenbrune. Set panna til sides og la det kjølne.

Finhakk lauk og agurk. Ha rosinene i kjelen saman med quionaen når det er 5 minutt igjen av dampetida. Ha quinoa og rosiner i ei bolle og bland inn sesamfrø, dill, lauk og agurk. Riv skalet av sitrona med eit fint rivjern og bland inn saman med 2 ss sitronsaft. Hell over olivenolje, nykverna pepar og flaksalt.

Velbekomme!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s