Kokkelering med klementin #3

DSC_0143 3

Eg kunne ikkje komme unna sorbet då eg skulle tenkje på ulike måtar å bruke klementiner i matlaging. Sorbet er noko av det beste som finst, -somar som vinter. Den friske, syrlege smaken er ofte ein real oppkvikkar etter eit langt måltid, eller når ein berre treng noko godt. I denne runden prøvde eg to versjonar. Ein versjon som krevde litt ekstrautstyr og betre tid og ein annan som kan seiast å vere fast-food versjonen av den første. Fast-food-versjonen var attpåtil ikkje tilsett sukker, noko som gjer den til eit litt sunnare alternativ.

Begge versjonane var himmelsk gode men slow-food versjonen var hakket friskare då den også innehaldt appelsin og sitron. Sødmen var like god i begge. Konsistensen på den første versjonen vart silkemjuk då eg berre nytta silt fruktsaft, medan den andre vart litt grovare då eg her mol opp fruktkjøtet i tillegg. Dette er likevel ingen nedtur for smakslaukane.

Utstyrsmessig er det fint med ein ismaskin når ein lagar den første, medan den andre oppskrifta berre krev ein fryseboks (til å fryse frukten på førehand) og ein blender eller stavmiksar.

Desse oppskriftene er fine utgangspunkt til meir eksperimentering. Ingredienser som chili, ingefær og mynte er fine smakstilsetjingar saman med sitrusfrukt, så her kan ein slå seg laus!

Slow food-sorbet

 DSC_0102 6   DSC_0152 2

Ingredienser

  • 1 kopp sukker
  • 1 kopp vatn
  • 1 sitron
  • 2 appelsiner
  • 10 klementiner

Kok opp sukker saman med vatn. Skru ned varmen og la det småkoke i fem minutt. Sett til sides og la det kjølne. Press safta til sitrusfruktene.  Sil den ferdige fruktsafta over i den avkjølte sukkerblandinga og bland saman. Ha i ismaskin og la den surre og gå til isen har ynskja konsistens.

Fast food-sorbet

DSC_0104 3   DSC_0108 3

Denne versjonen kan nyttast med kva type frukt ein ynskjer. Berre sørg for å reinske og dele frukten i passande betar før ein frys det ned. Eg skrella klementinene og delte dei i båtar før eg fraus dei over natta.

Ingredienser

  • ynskja mengde frosne klementinbåtar.
  • klementinsaft/appelsinjuice

Ein treng litt ekstra fruktjuice når ein moser klementinene. Då kan ein anten nytte ferskpressa klementinsaft eller appelsinjuice. Mos i blender eller med stavmiksar. Justér mengde juice etterkvart slik at du ikkje ender opp med smoothie. Lag kuler og server i skåler. Voila! Turbosorbet!

/Inga

3 thoughts on “Kokkelering med klementin #3

  1. Åh, dette ser og høres knallgodt ut! Jeg aviset faktisk fryseren min så sent som i dag – for et festlig sammentreff. Takk for tips! Klem fra Paris!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s