Gåver for ganen

DSC_0026 7   DSC_0021 7
Ovanfor ser ein nokre av dei smakfulle julegåvene frå i år fjor. Nokre er allereie etne opp og rakk ikkje med på fotoshoot. Oliventapenade, gode oliven, eplegelè frå Lierramslaukpesto frå Hardanger, ekte vaniljepulver, Skakke-laks og Åsne sine fantastiske, heimalaga karamellar. Stas!

Eg har dei siste åra ofte ynskt meg julegåver og bursdagsgåver som kan etast eller drikkast. Det er stas å få noko som folk har laga sjølv eller produkt som ein gjerne ikkje får tak i på den lokale Kiwi-butikken. Slike gåver set eg pris på i vekesvis, ja månadsvis i etterkant. Å ha matprodukt som varierer litt frå det vanlege kjøleskapsinnhaldet set fort ein sølvkant på kvardagsmåltida.

Å gi gåver som kan etast er også eit fint, grønt tips. Å lage noko i matvegen sjølv eller kjøpe matprodukt og gi bort, er noko som fører til mindre avfall. Dersom produkta i tillegg er kortreiste, fair-trade og/eller økologiske, er det supert! Dersom du kjenner til lokale matprodusentar, kan dette også vere ein fin måte å marknadsføre produkta deira på.

Tidenes beste karamellar! Her er det halvvegs tomme glaset som no er heiltomt. Eg ynskjer meg ny ladning til neste jul!!
Tidenes beste karamellar. Eg ynskjer meg ny ladning til neste jul!!

Dersom du lurar på utsalsstader og produsentar av mat i ditt lokalmiljø, kan du ta ein kik på Finn god mat . Eventuelt kan ein stikke innom Bondens marked, neste gong det er i nærleiken. Der finn ein mange gode produsentar og gode tilbud. Sjå kalenderen deira her! Om du vil lage gåver sjølv, er det mange fine tips her.

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s