Restemat: bondeomelett

DSC_0156 2

Bondeomelett, frittata, tortilla, ovnsbakt omelett. Kjært born har mange namn. Dette er ein fin måte å nytte restemat i kjøleskapet. Har du egg, putter du i bunn og grunn oppi det du måtte ynskje eller ha til overs.

Eg sat igjen med mykje eggekvite, eit stykke steikt laks frå middag dagen før, nokre osterestar (jarlsberg og cheddar) og ein trist salvie som hang med hovudet. Dette vart omvandla til ein fin restemiddag. Saman med ein grøn salat er ein i mål, og har du noko igjen, ja då vert det superlunch dagen derpå!

DSC_0136 3

Ingredienser

  • 6-8 egg (noko av det kan gjerne vere eggekviter)
  • 1 dl mjølk
  • rapsolje
  • salt og pepar
  • sjalottlauk
  • laks
  • raspa ost
  • salvie

Varm steikeomnen til 200 grader.

Finn fram ei steikepanne som også kan varmast opp i steikeomn. Grovhakk lauken og surr i steikepanna saman med litt olje, til lauken er blank (ca. 3 min.) Bland saman egg, raspa ost, mjølk og litt salt og pepar. Hell blandinga over lauken. Fordel betar av laks i panna og steik på middels-låg varme  i 5 -8 minutt. Dryss over salvie og sett omeletten i steikeomnen kor du steiker den vidare i 10-15 minutt, til den er gjennomsteikt.

Guten Appetit!

One thought on “Restemat: bondeomelett

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s