Bruk handlenett

Fleire og fleire her i Noreg brukar handlenett i staden for å ta i mot plastpose når dei er ute og handlar. Likevel er det verdt å messe om, då dette er ein fin og ikkje minst viktig, grøn vane!

...you other brothers can't deny!
…you other brothers can’t deny!

Bruken av plastposar har diverre berre auka dei siste åra. Kvart minutt nyttar verdssamfunnet 1 million plastposar. Med omsyn til at ein plastpose brukar omtrent tusen år på å brytast ned, er dette eit stort miljøproblem. Italia forbaud bruken av plastposar allereie i 2010 og no vurderer Europakommisjonen ulike måtar ein kan redusere bruken av plastposar i EU. Det er bra!

Luke, I’m your environmental activist father. 

Men. Ein må som sagt ikkje vere byråkrat i Brüssel eller italienar for å gjere noko med denne problematikken. Ha handlenett i bilen, i veska og andre stader kor dei er lett tilgjengelege. Bruk dei på mathandel og kor enn du går. Når du handlar småting i butikkar kor du vanlegvis får små posar, putt vare og kvittering heller i veska, i lomma eller i eit handlenett.

Handlenett er ikkje berre meir praktiske og robuste enn plastposar, dei kan til og med vere fine! Morosame sitat, fine bilete m.m. kan kvikke opp handleturen på lågt blodsukker ein regnfull, tysdag ettermiddag. Dersom du ikkje har handlenett frå før, kan ein kjøpe mykje fint på nettet. Nettbutikkane Etsy, Epla med fleire er gode eksempel. Er du skikkeleg kreativ, syr du dine eigne.

“The creatures outside looked from pig to man, and from man to pig, and from pig to man again; but already it was impossible to say which was which.”
The creatures outside looked from pig to man, and from man to pig, and from pig to man again; but already it was impossible to say which was which.

/Inga

8 thoughts on “Bruk handlenett

  1. SICK BANANA. Det er himla mange plastposer. Jeg får vondt hver gang jeg tar i en plastpose, jeg. Veldig vondt, langt inn i sjela!

  2. Hei! Jeg har lyst til å kutte ut alle små plastposer til frukt og grønnsaker, men synes det er litt drøyt å betale 100 kr pr stk (da jeg trenger 7-8 stk..). Har du noen å anbefale som selger lette og rimelige netting-handlenett til frukt? mvh Linn

    1. Takk for spørsmål! Eit godt tips er å bruke vaskenett som du kanskje har heime. Slike som du har i vaskemaskina. Dei er perfekte til frukt og grønt! Om du ikkje har, veit eg dei sel trepakningar på Biltema for rundt 30 kr.

      Håpar du fekk svar på spørsmålet ditt. Ha ein flott fredag! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s