Shoppestopp 2013 / Januar

20130131-204802.jpg

Ein månad er unnagjort og shoppestopp har rett og slett vore ….

veldig alright!

20130131-204740.jpg

Observasjonar:

– eg har jommen meg meir enn svarte og kvite klede i skapet.

– det tomme soverommet til syster som er eit år i utlendighet, er eit skattekammer med smykker, klede, you name it. Låne!

– ein kan arve klede og sko sjølv om ein er 26 og ikkje lenger 6 år.

– å vere i byen og vete at det er ingen grunn til å gå inn i ein klesbutikk, er avslappande og fint.

– å sy i ein knapp/ pusse sko/ reparere saum er ikkje så frykteleg slitsomt. I staden sit ein plutseleg med ei mengd «nye» klede, som er klare til å brukast.

– det er lystbetont å måtte sjå i klesskapet etter moglegheiter, snarare enn begrensingar.

20130201-153958.jpg

Meir om shoppestopp i januar og grepa eg tok, kjem i eit anna innlegg. Er det andre som har shoppestopp eller andre nyårsmål for bevisst forbruk? Det hadde vore veldig morosamt å høyre om. 🙂

/Inga

3 thoughts on “Shoppestopp 2013 / Januar

  1. Eg er imponert! Gleder meg til å høyre fortsettelsen. Prøver sjølv å vere ein bevisst forbrukar, men syns det er vanskeleg. Liker å kjøpe litt dyrere ting av god kvalitet, men dessverre stemmer ikkje alltid likningen høg pris=god kvalitet, ingen skumle kjemikalier og ingen sulteforede mennesker i . Saknar noko ala fairtrade- merking av klede. Men må tilføye at eg er veldig fornøyd med dei skandinaviske merkene som ligger ein del høgare i pris enn f.eks H&M. Og når ein student klarer å bygge ein garderobe i det prissjiktet, kan dei fleste andre også få det til.
    kooz og klemz 😉

    1. Det har du heilt rett i Jorunn! Det er òg eit kjempeforslag å lage fairtrade-merking av klede. Det hadde løyst mange utfordringar. La oss håpe det kjem!

      Kooz og klemz til Trondheim også!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s