Vintersalat med grønkål og mandler

DSC_0241 2

Eg lagar mykje mat og mykje hamnar på bloggen. Langt fleire matprosjekt gjer det ikkje. Anten vert ikkje smak og konsistens slik eg har tenkt meg. Eller så blir ikkje bileta gode nok då eg ofte kokkelerer på kveldstid. Mørke vintermånadar er ei utfordring når ein skal fotografere mat.

Men. Kva om ein gjer nokre brølarar, men maten likevel smakar særs godt? Skal ein likevel legge det ut på matbloggen?

Eg kom over grønkål på ein innhaldsrik matbutikk og vart begeistra. Etter det las eg meg opp på grønsaken og er no kjempebegeistra. Grønkål er sesongmat no i januar. Blada er velsmakande og særs sunne. Diverre finn ein ikkje grønkål ofte i butikkane (eg må ta ein prat med den lokale kjøpmannen), noko som er synd. Proppfulle av vitaminer, velsmakande og ferske, -dette burde me ete langt meir av!

Eg enda opp med å lage ein enkel grønkålsalat til lunch forrige helg og den vart veldig god. Men. Eg gjorde ein brølar. I hyrten og styrten gløymde eg å fjerne stilken. Når ein nyttar grønkål i mat, bør ein rive eller skjære bort stilken. Den er hard og smakar ikkje like godt.

Då salaten (til tross for dette) smaka verkeleg bra, legg eg ut oppskrifta men understreker berre enda meir; fjern stilken og frots i grønkål!

DSC_0227 1

Ingredienser

  • 5-6 blader grønkål
  • 1/2 kopp skiva mandler
  • 1 fedd kvitlauk
  • 0,5 dl rapsolje/olivenolje
  • 1-2 ts dijonsennep
  • 1-2 ts flytande honning / agavesirup*
  • salt og pepar

Varm ei steikepanne på middels varme. Rist mandelskivene i 2 minutt og legg dei så tilsides. Dra blada av stilken på grønkålen. Grovhakk blada. Ha litt rapsolje i panna og surr grønkålen på middels til middels-låg varme i nokre minutt. Kålen skal bli litt skinande men framleis ha litt spenst. Press kvitlauksfeddet og bland det saman med olje, sennep og honning/agavesirup. Smak til med salt og pepar. Vend grønkålen i dressingen og dryss over mandelskiver.

*på biletet av ingrediensene hadde eg tatt fram vanleg honning. Dette er feil. Ein må nytte anten flytande honning eller agavesirup. Eg nytta agave då eg ikkje hadde honning, og det var ei super løysing.

/Inga, – no grønkålfan.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s