Ein kopp søndagsfrukost

DSC_0339

Helgefrukost er noko av det finaste eg veit om. Ein har god tid til å både lage og nyte maten. Egg og bacon er ein gjengangar hjå mange på søndagsmorgonen. Her er ein ny variant av den tradisjonelle frukosten. Enkelt og (nesten) utan steikeos.

DSC_0336

Du treng:

  • 1 egg per kopp (eg rekna fire koppar på to vaksne)
  • 1 baconstrimle per kopp
  • graslauk
  • salt og pepar
  • bakepapir
  • muffinsformer

Varm omnen til 180 grader. Fres baconet i 2-3 minutt på kvar side i ei oppvarma steikepanne. Bruk rapsolje under steiking. Baconet skal ikkje bli heilsteikt då det steiker vidare i omnen.

Klipp ut ynskja antal kvadrat med bakepapir og dytt dei ned i muffinsformene. Kvadrata skal vere store nok til at endane stikk opp og dekker sidene på formene. Legg ei baconstrimle på tvers i kvar form. Endane skal ligge ut på sidene. Knekk eit egg over baconstrimla i kvar form. Det skal vere ei baconstrimle og eit egg per muffinsform. Dryss over litt salt, pepar og grovhakka graslauk.

Steik i omnen i 20-25 minutt. I mellomtida kan ein ta ein rask dusj, lese avis eller ta ein dans. Eggekvita skal vere kvit når den kjem ut. Om den er litt skjelven, er det heilt greit. Nyt saman med godt brød og god drikke.

 

DSC_0372   DSC_0347

Nyt søndagen!

/Klem frå Inga

 

4 thoughts on “Ein kopp søndagsfrukost

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s