Thaisuppe med sitrongras og kokosmjølk / Tom Yam Kung

DSC_0409

Seinhaustes og i førjulstida var det norsk tradisjonsmat eg var sugen på. Potetsuppe, kokt svineknoke, finnbiff og julemat i lange banar. Det skulle vere rykande varmt, salt og næringsrikt. No etter nyttår byrjar smakslaukane mine automatisk å lengte etter somar. Lime! Koriander! Ingefær! Tunge middagar blir byta ut med wok, supper og salatar. Det skal vere lett og ha mange spanande smakar.

Her er ei fin thaisuppe. Den inneheld mange gode smakar, er sterk og god. Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift frå Andreas Viestad si bok, Smak av krydder. Eg gjorde nokre endringar for å tilpasse kjøleskapsinnhald og det eg fann i vanleg daglegvarebutikk. Obs! Sitrongras, tørka kaffirlimeblad og fiskesaus finn ein i meir velassorterte butikkar som Meny og Ultra.

Ingredienser

  • 7 dl kokosmjølk
  • 12 tynne skiver ingefær
  • 2 stilkar sitrongras, lett knust
  • 3 ts tørka kaffirlimeblad
  • 2 sjalottlauk, finhakka
  • 2 dl grønsakskraft/grønsaksbuljong
  • 1 boks reker i lake
  • 1 chili, hakka
  • 2 vårlauk, hakka
  • 1 paprika, delt i stavar
  • 2-3 ss fiskesaus
  • 2 tomater, delt i 8 båtar kvar
  • 1 ts sukker
  • 3-4 ss ferskpressa limesaft
  • fersk koriander, grovhakka

Bland kokosmjølk, ingefær, sitrongras, limeblad og sjalottlauk i ei wokpanne. Kok opp og la koke i 3-5 minutt. Ha i grønsakskraft og la det koke opp igjen. Tilsett reker, paprika, chili, vårlauk, fiskesaus og sukker og kok i 2 minutt. Ha i tomater og kok opp ein siste gong før du fjerner suppa frå plata. Smak til med limesaft og server med koriander på toppen. Nyt!

DSC_0413   DSC_0292

/Inga

6 thoughts on “Thaisuppe med sitrongras og kokosmjølk / Tom Yam Kung

    1. Ja, dette er fast food på sunt vis! Du kan godt kutte fiskesausen. I staden for reker kan du til dømes nytte kylling eller anna kjøtt. Om du er vegetarianar, hadde nok tofu vore godt. Lukke til!

  1. Bra blogg!

    Det er Magne fra VG her, nå har jeg anbefalt innlegget ditt på forsiden av VG slik at flere kan få gleden av det.

    Er det andre som skriver en god blogg og vil ha mange nye lesere, ikke nøl med å sende en epost til meg på magnea |a| vg.no

    🙂

  2. Bytt ut ingefær med galangal(ung ingefær) og kaffirlime med liche lime blader og bruk minst 4 hele lime, litt grønn karripaste og gjerne kylling, shitakesopp om man liker det…..dropp buljong, det er bare tull…. så får du ekte thaisuppe

  3. Takk for gode tips Eirik!

    Eg er likevel uenig med deg angåande buljong. Det er ingen tvil om at grønsakskraft er betre enn buljong. Men. Dette er ein kvardagsblogg med lågterskeloppskrifter. Håpet mitt er at lesarane skal tenkje «men dette var ikkje så komplisert! Dette kan eg også lage». Dei færraste har grønsakskraft i fryseboksen men dei fleste har buljong i kjøkenskapa. Dersom målet er å lage ein rask, sunn, kvardagsmiddag som smakar godt og ein ikkje har tilgong til grønsakskraft, då meiner eg buljong er eit ok alternativ.

    /Inga 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s