Gjenbruk: støyp dine eigne kubbelys

DSC_0311 1   DSC_0332

Dersom ein brenn kubbelys, er det alltid mykje stearin til overs. Dette blir igjen til avfall. For nokre år tilbake byrja eg å samle saman stearinrestane og smelte dei om til nye kubbelys. Ein kan lage store, fine kubbelys med fleire veikar. Eventuelt kan ein støype mindre kubbelys med ei veik.

Å støype lys er enkelt og greitt og kan gjerast heime på kjøkenet. Det einaste ein treng er veikar som ein får kjøpt på Panduro eller annan hobbybutikk. Ein treng ei stålbolle eller ein kjele ein ikkje er så redd for. Dersom ein ikkje vil støype i bolla/kjelen ein smelter i, kan ein til dømes nytte reine mjølkekartongar, brusflasker med meir. Det ein må hugse på, er at forma må vere heilt jamn på innsida slik at ein får ut lyset. Det er også viktig at forma anten er sylindeforma eller forma som ei skål. Eit lite brekk i sparegrisen må også påreknast, då ein treng kronestykke til søkk.

DSC_0287

Du treng:

  • oppsamla stearin
  • veiker
  • nokre kronestykke.
  • ei gamal gryte, stålbolle eller liknande som du ikkje er redd for.
  • ei gryte som er større enn den forrige.
  • (mindre former)
  • tape

Sett vatn på kok i den største gryta. Fyll den andre gryta med lysrestane og sett på toppen av den store gryta. Stearinet skal smelte i vassbad, så her er det viktig at ein har nok vatn i den nederste kjelen, samstundes som den andre gryta står støtt på toppen. Klypp veikene slik at dei er 5-10 cm lengre enn gryta er djup. Knyt eit kronestykke i eine enden på kvar veik. Ein kan sjølvsagt også nytte femkronestykke, -så lenge dei har hol i midten. Dersom du nyttar ei stor form, kan du gjerne ha fleire veikar i lyset. Eg plar å bruke tre eller fire når eg laga lys forma som skåler eller

Når stearinet har smelta, fisker du opp gamle veikar og anna rusk. Ein treng berre ta dei største bitane. Resten synk ned på botn av lyset og viser ikkje når lyset har størkna. Lyft kjelen bort frå vassbadet og skru av komfyren.

Støype i kjele: Klistre tre tapebitar på tvers av kjelen. Senk veikane ned i bolla på kvar sin stad. Kronestykka sørger for at dei ligg stødig på botn. Klistre den andre enden av veikane til tapen øvst i bolla, slik at veiken står rak og fin. Dersom ein støyper i mindre former, heller ein stearin frå kjelen over i formene og gjentar det same somSå er det berre å vente til lyset har størkna.

Støype i mindre former: Hell stearin frå kjelen over i dei mindre formene. Gjenta så same prosedyre med tape og veikar som ovanfor.

/ På tampen vil eg berre seie; takk for at du kikar innom! Det har blitt fleire og fleire besøkande her inne dei siste vekene og etter eg vart lenka til på VG Nett går, har besøkstala gått til vers. Det er enormt hyggeleg at gamle som nye lesarar klikkar seg inn her. Eg blir reint rørt. Takk! Danke schön! Thank you!

–  Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s