Mat for huda

DSC_0417

Ein fin måte å leve litt grønare på, er å nytte hudpleie som ikkje inneheld stoff som er skadelege for deg eller miljøet. Det kan likevel vere utfordrande å orientere seg i jungelen av ingredienser. Grønn hverdag har laga ein informativ tabell som blir kontinuerleg oppdatert. Her kan ein sjekke ingredienser i produkt ein har, -eller som ein vurderer å kjøpe. Dei har óg laga ein liten guide til korleis ein kan leve litt grønare med omsyn til hudpleie og kosmetikk.

I tillegg må eg tipse om den geniale appen, Hormonsjekk, som er levert av Forbrukerrådet. Med denne appen kan ein scanne strekkoden på hudpleieprodukt og få beskjed med ein gong om dei inneheld skadelege stoff. Den er super om ein står i butikken og lurer på om ein skal kjøpe eit produkt eller ei.

Eg prøver å få litt grønare badehyller, og tenkte eg skulle tipse om eit par produkt som eg har vore særs nøgd med! Førstemann ut er Weleda Skin Food. Dette er ein feit krem som er særs god på tørr hud. Eg brukar den på hender, føter og innimellom som nattkrem. Den er super på vinterstid og i travle periodar. Eg plukka óg opp frå denne dama at kremen er genial som underlag til sminke, -noko som viste seg å stemme.

Ha ein fin, grøn kveld!

/Inga

 

3 thoughts on “Mat for huda

  1. Jeg har vært litt sløv på å sjekke etter parabener og lignende i det siste, men nå ble jeg inspirert til å gå for de grønnere alternativene igjen. Takk! Skal sjekke ut Weleda, har inntrykk av at de har mye bra. Også tester de ikke på dyr, tommel opp!

  2. Eg gløymer det ut innimellom eg også, men blir då ekstra glad når eg då får «snille» produkt i hus! At produkta ikkje er testa på dyr er også særs viktig.

    Weleda er eit trygt og tradisjonelt merke. Merket er ein av dei gamle travarane i marknaden som har tatt klassereisa frå å vere «for spesielt interesserte», til å bli allmenneige og trendy. Elles kan eg óg anbefale Dr. Hauschka!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s