Dei verkelege spørsmåla i hestekjøtsaka

las

Problemet er ikkje hesten. Det er lasagnen og det faktum av me ikkje anar kor den kjem frå, kven den er laga av eller kva den inneheld.

Dette poengterer Andreas Viestad i ein framifrå kronikk i Aftenposten i dag. Eg kunne ikkje vore meir enig.

Hestekjøtt er ikkje noko nytt i ingredienslista. Spekepølser, leverpostei og andre kjøtprodukt inneheld ofte hest. Eg åt hestekjøt seinaste i forrige veke og mest sannsynleg har du ete hestekjøt ein eller annan gong i løpet av livet også. Det er difor ikkje innslaget av hestekjøt som er det sjokkerande i denne saka. Det er den manglande informasjonen om innhald og det faktum av me ikkje lenger veit kor maten me et, kjem frå.

Eit ubehageleg eksempel er First Price Lasagnen som no er blitt fjerna frå butikkane. Randi Edvardssen, seksjonssjef i Mattilsynet, kunne mellom anna fortelje fylgjande om First Price Lasagnen i eit intervju med Dagens næringsliv: 

«- Lasagnen er fra Frankrike, prosessert i Luxemburg, og inneholder råvarer fra Romania.»

Dette er heilt absurd. Avstanden mellom oss som konsumentar og maten me et, er aukande. Dette er mellom anna eit resultat av det enorme fokuste på at maten skal vere billegast mogleg. Per 2012 var norsk mat av den billegaste i verda sett i samanheng med gjennomsnittsinntekta i landet. Me brukar ein langt mindre del av inntektene våre til mat, samanlikna med resten av verdsbefolkninga. Dette er eit tankekors når debatten rundt prisnivået på norsk mat stadig dukkar opp igjen.

Hestekjøtsaka vitnar om kor viktig det er med god matmerking. Behovet for større kunnskap om det me kjøper er overdøyvande. I Noreg er me komne godt i gong med matmerking, og eg håpar satsinga fortset.

Print

Eit god døme er NYT NORGE. Det signaliserer at «en matvare består av norske råvarer, er produsert i Norge og at råvarene kommer fra gårdsbruk med Kvalitetssystem i landbruket. NYT NORGE administreres av Matmerk, som er en stiftelse opprettet av Landbruks- og matdepartementet.»

Hestekjøtsaka handlar ikkje om hest er best på tallerkenen eller ei. Det handlar om at me som forbrukarar må stille fleire spørsmål til maten me et, bruke meir tid på å tilberede maten sjølv og krevje at produsentane tekt eit større ansvar, -både samfunnsmessig og miljømessig.

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s