Heimelaga sjokolade med pistasjnøtter og honning

DSC_0518

For lenge sidan kjøpte eg kakaosmør og råkakao i ein helsekostbutikk. Pakkane har blitt ståande men denne helga fekk en anden over meg. Resultatet vart sjokolade med pistasjnøtter og honning. Godt som berre det til ein kopp med te (oi, rim!).

Eg nytta agavesirup og honning som søtningsmiddel. Ein kan også bruke sukrin om ein ikkje vil bruke farin. Sukrin tykkjer eg ofte gir ein «kald» smak, men her bør ein altså smake seg fram sjølv. Både med omsyn til søtningsmiddel og mengde.

Basisoppskrift:

  • 100 g råkakao
  • 50 g kakaosmør
  • 1/2 ts vaniljepulver
  • agavesirup/honning/sukrin/farin

Smakstilsetjing:

  • honning
  • ei handfull pistasjnøtter

Smelt kakao og kakaosmør i vassbad. Smak til med søtningsstoff og vaniljepulver. Hell over i ynskja form(er) og topp sjokoladen med grovhakka pistasjnøtter. Sett kaldt i kjøleskapet.

Eg nytta eit rektangulært fat og brakk opp betar då sjokoladen var stivna. Neste gong skal konfektformene prøvast ut, då dei er meir anvendelege.

Med basisoppskrifta kan ein eksperimentere i det vide og det breie. Sjokolade med salt og sjokolade med chili står på lista over kva som skal prøvast ut neste gong!

DSC_0519   DSC_0506

/Inga

3 thoughts on “Heimelaga sjokolade med pistasjnøtter og honning

    1. Ja, eg var særs nøgd. Mannen min (som er over gjennomsnittet kresen), tykte sjokoladen hadde litt spesiell ettersmak, men her må ein berre tilpasse eigen gane. Eit lurt tips er å blande ulike søtningsmiddel slik at den ikkje får ein einsidig (uventa) søtsmak. Når ganane våre er innstilte på farin, må ein vende dei til dei andre søtningsstoffa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s