Fundering over kaffi(kapsel)koppen

DSC_0440

Eg har eit dårleg samvit med omsyn til dette med grøne vanar.

Som så mange andre har me ein kapselmaskin i hus, -og for eit avfall den lagar! Det er heilt enormt og skrekkeleg irriterande. Fleire land har resirkuleringsordningar med omsyn til kapslane, men Noreg har ikkje fått eit system enda.

Eg har høyrt om fleire som opnar kapslane sjølve, tømmer kaffigruten i matavfallet og legg beholdaren saman med metall og glas. Ære vere dei som gjer dette. Eg må ærleg innrømme at eg ikkje er komen så langt enda.

I staden har eg funne fram den gamle kaffitraktaren i protest. Men, óg då eg er komen til slutninga at vanleg traktekaffi smakar like godt, -om ikkje betre, enn Nespresso.

Kva gjer de andre? Fin-resirkulerer de kapslane eller kastar de dei slik som dei er? Eller safer de og bruker berre vanleg kaffitraktar eller presskanne?

/Inga

12 thoughts on “Fundering over kaffi(kapsel)koppen

  1. Vi fikk Nespresso-maskin i bryllupsgave, men jeg er egentlig litt i mot det. Både fordi det lager unødvendig avfall, jeg synes det tar vekk mye av magien med kaffe (lukte på, brygge osv.) og ikke minst – Nestlé er ikke akkurat et firma jeg er så veldig begeistret for. Kapslene deres er jo som regel heller ikke fair trade. Foreløpig har vi behold kaffemaskina, men bare kjøpt kapsler én gang. Har mest lyst til å gi den bort, og ønske meg en Moccamaster i stedet.

    1. Godt poeng!

      Eg har så mykje nostalgi knytta til Moccamasteren i barndomsheimen. Surklinga og purtringa når den lagar kaffi er heilsjarmerande. I mellomtida får kaffilukta tid til å bre seg i rommet. Stemning!

      Eg kunne tenkje meg å kassere kaffikapselmaskina på sikt og heller gå over til vanleg traktekaffi og espressokanne som ein kan bruke på steiketoppen på komfyren. Då kan ein også nytte fairtradekaffi og ein unngår alt avfallet.

      Eg skjønar dilemmaet med omsyn til bryllaupsgåva. Men om de ikkje brukar den er det betre at andre får glede av den! Eg ville lagt den ut for sal på Finn.no og kjøpt Moccamaster for pengane eg fekk for den. Det viktigaste er at de har noko som de brukar og har stor glede av kvar dag! 🙂

  2. Har også kapselmaskin, og synes det er ille med alt avfallet det skaper. Veldig kjekt for meg som gjerne vil ha en kaffekopp som ikke smaker kaffe…. Har ikke lært meg å like vanlig kaffe enda. Kan tenke meg at vanlig kaffe smaker like godt, om ikke bedre enn kapsel når man først liker det ja 🙂
    Siden kapselopplegget lager så mye avfall prøver jeg å begrense forbruket mitt, og vi har Tassimo maskin så vi sender inn brukte kapsler og emballasjen inn til TerraCycle som gjør om avfallet og donerer litt penger til veldedighet for hver forsendelse (med ca 150 kapsler riktignok så vi sparer og samler opp kapsler en stund før vi sender inn) 🙂

    1. Så flinke de er! Det er genialt om produsentene har eiga resirkuleringsordning! Skulle ynskje fleire hadde det (og gjorde ein fin samfunnsmessig gest samstundes).

      Eg tykkjer presskannekaffi og traktekaffi smakar minst like godt som kapselkaffi. Men, smaken er som baken, så kan godt hende du får eit anna svar får andre. 😀

      Då eg starta å drikke kaffi tykte ikkje eg heller at det var godt, men med nok mjølk i koppen vart eg raskt avhengig. 😉

  3. Tanten min har en sånn maskin, og jeg har funnet noen re-usable kapsler som man kan refylle og vaske etc. Tenker å gi henne noen sånne til bursdagen -det kutter garantert ned på avfalet maskinen lager! 🙂

    1. Stilig! Det var jammen meg ein fin gåveidé! Kan eg spørje kor du fann dei? Dersom ein kunne ha fyllt kapslane sjølve og brukt dei om igjen, hadde problemet vore løyst. 🙂

  4. Eg fekk kapselmaskin til jul av Aleksander, og eg er heilt enig! Me har ein Bosch Tassimo maskin, med STORE og upraktiske kapslar. Dei er av plast då, så eg hive dei berre i vanleg boss, men det blir mengder av dei! Espresso-kapslane bruke eg to gonger då, bare for samvittiheten si skuld 🙂
    Stor klem Gunnhild!

    1. Hehe, så flink du er Gunnhild! Eg har høyrt om fleire som brukar dei om igjen! Det er nok lurt å tenkje nye måtar resirkulering eller å utvide brukartida på dei. Klem tilbake!

    2. Hei Gunnhild! Ville gjerne tipse om at Tassimo samarbeider med et firma som heter TerraCycle, slik at man kan sende kapslene til gjenvinning helt gratis og samtidig støtte veldedighet! Du kan lese mer her: http://www.terracycle.no

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s