Shoppestopp / Mix&Match og inspirasjon

20130226-153111.jpg

Same om ein har shoppestopp eller ei, å finne ut kva ein skal ha på seg er eit stadig tilbakevendande i-landsproblem. Men. Saka er at dei fleste av oss kan bruke kleda våre på langt fleire vis enn me tenkjer over.

Her er nokre tips til korleis ein kan bli langt meir nøgd med eigne klede og bruke fleire av dei oftare. Eller sagt med andre ord: korleis ein rett og slett kan bruke innhaldet i klesskapet på grønare vis.

1. Mix and match

Sett av litt tid ein kveld og prøv plagga dine med andre enn dei du vanlegvis brukar dei saman med.  Å kombinere dei same plagga igjen og igjen er fint, men tenk litt utanføre boksen (klesskapet?) og brått har du gjerne ei mengd nye antrekk.

2. Inspirasjonsalbum på mobilen

Kvar gong du ser deg sjølv i spegelen og tenkjer «i alle dagar! I dag var eg rett og slett litt … fin/kul/tøff/trendy!!», ta eit raskt mobilbilete av kva du har på deg og legg det i eit eige album på mobilen. Gjer det same med antrekk du ser på vener, bloggar, instagram, i magasin, etc.

Slik har du alltid ein plass du kan kike for litt inspirasjon dersom du «ikkje har noko å ha på deg». Mest sannsynleg har du masse fint! Sjølv om du ikkje har dei same kleda som folka på dei andre bileta, kan det uansett inspirere og få deg til å tenkje nytt om eigne klede. Om du ikkje har shoppestopp, oppdagar du kanskje plagg eller sko som kan passe til mykje i ditt eige klesskap.

Eit alternativ til inspirasjonsalbum, kan vere å lage ein inspirasjonsplakat med utklipp frå blader og aviser. Heng den på innsida av døra til klesskapet, så er det midt i augesynet om morgonen.

3. Legg fram klede kvelden før

Ja, keisamt er dette tipset, men det er mykje sant i det. Dersom ein legg fram klede om kvelden har ein betre tid til å finne fram klede ein vanlegvis ikkje brukar. Pluss at ein slepp eventuell morgongruff. Det siste er forresten kanskje vinnarargumentet. 😀

/Inga

One thought on “Shoppestopp / Mix&Match og inspirasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s