Mat for sjela

20130228-122352.jpgEg byrja med posten mat for sjela for nokre veker sida, og den har vore nyttig å ha. For ein har godt av å stoppe litt opp innimellom og tenkje over kva som gjer sjela si glad om dagen. Det er så mange små og fine ting me burde dvele meir ved.

Her er mat for sjela i veka som gjekk:

  • instagrambiletet ovanfor av hunden og sonen til god venninne (som eg fekk lov til å legge ut). Røyrleggaren. Uttrykket til hunden. Sjarm!
  • skildringane av natur, omgjevnadar, menneske, -ja, ganske enkelt skildringane i Tove Nilsen sine bøker. Les Sommer 2005 no, og den er så uendeleg fin.
  • Konsert med Kari Malmanger. Eg har ikkje hatt det store forholdet til folkemusikk før, men dette var rett og slett ufatteleg fint. Kom på konsert blotta for forventningar og enda opp med å vere reint rørt.
  • Å snakke på telefonen med mormor som entusiastisk fortel om tunet som held på å bli isfritt og dei små turane ho går kvar dag.

Kom gjerne med dykkar mat for sjela!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s