Shoppestopp 2013 / Februar

20130224-195858.jpgHurra for neglelakk!

Plutseleg var nok ein månad i shoppestopprosjektet tilbakelagt og det er framleis uventa enkelt å leve med.

Observasjonar

– neglelakk og parfyme er meir morosamt å bruke då det gir litt forandring sjølv om det er det same antrekket. Eige innlegg om dette kjem!

– det er ein fordel at ein ikkje går forbi klesbutikkar i kvardagen. På mi kvardagsrute mellom jobb, matbutikk og heim kan eg fort gløyme at klesbutikkar eksisterer.Ullundertøy og hold-in strømpebukser på Kiwien er det næraste eg kjem.

– å pakke ei jakke, to bukser og nokre ulike overdelar, fører til ei mengd ulike antrekk. Ein blir kort og godt meir løysingsorientert og kreativ når vala er få.

– å knipse eit bilete av seg sjølv, av andre eller personar i magasin og bloggar, for så å lagre det på ein idébank er lurt og nyttig. (sjå tidlegare post)

-å lese motemagasin kan få to utfall. Anten tenkjer ein 1) «hurra, så mykje fin inspirasjon!» eller 2) «alle kleda eg har er sletne og stygge!». Utfall kjem heilt an på dagsform og nivået på blodsukkeret.

I utgangspunktet kunne eg no skreve «BORNESKIRENN» og lagt ved eit bilete kor eg har klipt og limt inn meg sjølv ved sida av Petter Northug i Paint. Men nei. Det er noko som heitter «hovmod står for fall». For i dag, -i DAG mine vener skal shoppestopparen på tur til shoppingmekkaet London.

Som sagt. Hovmod står for fall.

/ShoppInga

3 thoughts on “Shoppestopp 2013 / Februar

  1. Masse fine innlegg, både oppskrifter og andre gode tekster, så sant så sant når det gjelder shopping og bruk av klær enn har.

    Klem fra Fridas lille hjem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s