Wok med grønkål

DSC_0539   
Wok er topp! Det er svinte å lage og inneheld rikeleg grønsaker og gode smakar. Kort og godt ein redning om ein har tidsklemme på ettermiddagen. Er ein heldig, er det restar til overs som ein kan ha til lunch dagen derpå. Det er supert for oss matpakkeentusiastar!

DSC_0533

Ingredienser

  • 1 boks grønkål
  • 1 paprika
  • 1/2 purre
  • 2 gulrøter
  • 1 chili
  • 2 stenger sitrongras
  • 2 cm fersk ingefær
  • 1 fedd kvitlauk
  • to handfuller sukkererter
  • frisk koriander
  • 1 ts limeblad
  • 1 boks kokosmjølk
  • ca. 2 ss fiskesaus
  • ca. 2 ss soyasaus
  • 1 «brett» nudlar av durumkveite
  • kjøt/skalldyr/fisk*

Kok nudlane etter informasjonen på pakka. Sil av vatnet og sett til sides.

Finhakk chili, ingefær og kvitlauk. Riv blada av grønkålen og skjær opp saman med sukkererter, gulrøter, paprika og purre. Del sitrongraset i to og knus i morter.

Surr kvitlauk, ingefær og chili i ei wokpanne saman med litt rapsolje i 2-3 minutt. Bruk middels varme. Skru opp varmen og ha i resten av grønsakene. Wok til grønsakene er blitt mjukare men ikkje har mista spensten. Hell over kokosmjølk og bland inn limeblad, fiskesaus og soyasaus. Smak til med omsyn til mengde. Ha i dei ferdigkokte nudlane. La det surre i 5 minutt før du serverer maten med grovhakka koriander på toppen.

* dersom ein ynskjer ein ikkje-vegetarrett, kan ein tilsetje kjøt, skalldyr eller fisk. Eg nytta strimla svinekjøt. Steik fisk eller kjøt i wokpanna og legg til sides før du byrjar å surre kvitlauk og chili. Ferdigkokte reker har ein i woken fem minutt før servering.

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s