Leseverdig på ein laurdag

Uten navn

Debatten om pappa- og mammapermisjon er ein konstant rullande snøball. Likevel tenderer debatten til å handle om korleis mor kombinerer mammarolla med karriere. Korleis mor multitaskar for å hugse på bornebursdagar, skogsturar i bornehagen, deadlinar på jobben og vintersko som er blitt for tronge. Korleis mor taklar det dårlege samvitet når tidsklemma slår til …men kva med far?

Fedre i dag er vel så deltakande i omsorgsrolla som mødre er. Småbornsfedrene eg kjenner er like flinke til å kjøpe inn vintersko og bake kake til bornebursdagar som mor er. Likevel vert ikkje menn i like stor grad spurt korleis dei kombinerer henting i bornehagen med lange arbeidsdagar. Debatten er i grunn prega av ein overdøyvande stillhet frå det perspektivet.

Difor vart eg begeistra over blogginnlegget Viseadministrerende pappa, skreve av Jan Erik Kjerpseth. Det er godt skreve og dreg fram mange viktige og gode moment. Ikkje berre om farsrolla isolert sett, men óg kor viktig det er å tenkje både makro- og mikroperspektiv då vala me tek ikkje berre har konsekvensar for oss sjølve, -men óg korleis me ynskjer samfunnet skal vere når borna våre ein gong blir foreldre.

Leseverdig som berre det!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s