Shoppestopp 2013 / Mars

IMG_0761Kjendishåret vart foreviga av gemalen dei to minutta det varte.

Der var mars også tilbakelagt. Denne månaden skulle vise seg å innehalde nokre ekstrautfordringar.

Observasjonar

– å dra til London og Berlin utan å skulle sjå på klede og sko, er ikkje heilt uproblematisk. Eg kjende for fyrste gong eit overfladisk stikk i shoppinghjarta då eg tusla forbi den eine butikken etter den andre.

– ein kurerer likevel fort potensielle shoppingabstinenser ved å dumpe innom butikkar som er «too much».  A&F sin flaggskipbutikk i London er eit særs godt eksempel. Hjelpes..

– ein kan brått nytte pengar med godt samvit på andre ting. Som mat. Eller som til dømes hamstring av «snille» hud- og hårprodukt hjå The Organic Pharmacy eller Whole Foods. Her finn ein mykje bra og folka som jobbar der har full peiling.

20130406-203857.jpg

20130406-203948.jpg

– …eller så kan ein dra på og gjere noko ein gjerne vanlegvis ikkje hadde brukt pengar på. Som til dømes blow-dry av håret! Eg var innom Hershesons og jekka opp håret. Etter ein halvtime hadde eg nyvaska og volumøst kjendishår! …som varte i to minutt då håret mitt er stor tilhengar av tyngdekrafta. -Men litt behageleg og overfladisk moro var det jommen meg.

20130406-203755.jpg

– dersom ein byter ut shoppetid med tusletid, kan ein plutseleg snuble over vakker gatekonsert og andre fine saker ein vanlegvis ikkje hadde fått med seg.

20130406-203821.jpg

– ein kan bruke tid og pengar på å lage seg eit program på førehand. Slik vart det både skummel Jack the Ripper-tur i Whitechapel og vakker konsert med Berliner Kammerorchester i Berlin. Fantastisk!

20130406-203935.jpg

Har de erfaringar frå «shoppefrie» utanlandsturar? Eller er utanlandsturane rett og slett ein gylden moglegheit til å gå til anskaffing av betre klede til rimelegare prisar?

/Inga

One thought on “Shoppestopp 2013 / Mars

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s