Gjenbruk: plant potte-påskeliljene ut

20130414-102234.jpg

Dei fine påskeliljene som stod og strutta då me reiste på påskeferie, var langt over pensjonsalder då me kom attende. Det er freistande å kjøpe potter med sesongblomar då dei er rimelege og uendeleg fine å ha inne. Likevel kan ein som oftast sjå dei knele i det ein kjem inn døra.

Så kva skal ein gjere med slike kortlevde potteplanter? Kaste dei?

Nei du! Knip av blomane og dei visne blada. Ta opp laukane og plant dei ut i eit bedd, rundt eit tre eller rett og slett i tuer i plenen når tela er faren.

Er du i beit for eigen hage slik som meg, kan du gi dei til nokon som er så heldige å ha litt grøntområde. Desse potteplantene får difor ein ny vår i hagen til kusina mi.

Det er ein fin måte å drive gjenbruk på, -ikkje minst når resultatet blir så fint og kjem igjen år etter år!

/Inga

2 thoughts on “Gjenbruk: plant potte-påskeliljene ut

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s