Shoppestopp 2013 / Dei nye kompisane: neglelakken og parfymen

DSC_0553   DSC_0558

Når ein har shoppestopp kan ein på enkelte dagar kjenne seg grå og keisam. «Alle andre» ser freshe og flotte ut i vårens nye fargar, medan ein sjølv traskar rundt i utvaska bukser og sletne overdelar. Slik kjennes det, – du veit, på slike dagar.

Men! Eg har funne løysinga.

Eg har gjenoppdaga neglelakk og parfyme. Begge deler er saker som eg lett har droppa tidlegare grunna tidsklemme. Det har heller vore noko eg har slått til med om eg skal på fest eller i selskap.

….men bør me ikkje gjere kvardagen litt til ein fest? Det tykkjer eg.

Etter å ha tatt eit raid i badeskapa og samla saman det eg har av godlukt og neglesparkel, har eg dei siste månadane blitt ein habil parfyme- og neglelakkbrukar. Forfengeligheten forduftar ikkje sjølv om ein har shoppestopp og dette hever kvar ein gråversdag!

Å ha ein fin farge på neglene eller ein parfyme som luktar vidunderleg godt, er ei lita glede som blir enda større når ein har shoppestopp. Ein kjenner seg rett og slett ekstra FIN!

Ei anna sak som er ekstra hyggeleg med parfyme, er at luktesansen har ei eiga evne til å bringe fram minne i hukommelsen. Marcel Proust skildra dette i På sporet av den tapte tid kor opplevinga hans av ei kake førte han tilbake til barndomen og besøk hjå ei tante. Luktesansen si evne til å hente fram minne langt tilbake i tid har difor blitt kalla den proustianske hukommelse.

Lukta av mørk kokesjokolade bringer fram den proustianske hukommelsen hjå meg. Oldemora mi oppbevarte kokesjokolade i ei skuff i sjenken sin. Eg var tre år og fekk sjokolade av ho når eg kom på besøk. Det er rart korleis lukta av den sjokoladen er eit av dei tidlegaste barndomsminna eg har (kremt..eller kanskje ikkje).

Slik fungerer óg mange av parfymane mine. Minnene er ikkje nødvendigvis så langt tilbake, men dei fungerer på same vis. Ein parfyme eg nytta mykje då eg budde i Heidelberg eit år, gir bølger av god stemning når eg tek den på. Andre parfymar gir andre assosiasjonar. Slik sett kan parfyme fungere som minne på ei flaske, som ein igjen kan ta på seg og bere med seg gjennom dagen. Er ikkje det litt fint?

Har de parfymar eller andre lukter som vekker proustianske minne?

God helg!

/Inga

2 thoughts on “Shoppestopp 2013 / Dei nye kompisane: neglelakken og parfymen

  1. Lukten av kardemomme minner meg om å være liten og bake med mamma:) Må alltid sniffe litt ekstra når jeg baker. Og lukten av nyvasket sengetøy som har hengt ute gjør meg helt lykkelig, og da mimrer jeg tilbake til å være liten og smyge meg ned i senga med denne gode lukten. Lukten av nyhogget ved minner meg også om å være liten og henge med pappa mens vi(les han) hogger ved. Så morsomt å tenke på luktene og minnene!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s