Gjenbruk / Start lesesirkel 2.0

DSC_0370No tenkjer eg ikkje på den gode gamle lesesirkelen. Dette er ein ny variant kor ein sirkulerer på magasin, aviser og tidsskrift!

Sjølv om skjermen tek over mykje av til dømes nyhetslesinga vår, er me nordmenn framleis langt betre til å lese tekst på papir. Eg merkar framleis at når eg skal lese for kosen sin del, slår ingenting handfaste bøker og magasin. Å lese på skjerm når det til anklane. Likevel er bakdelen med dette at det går med mykje papir til produksjon av aviser og magasin. Papir som vert kasta og resirkulert etter ei lesing. Kanskje me kan nyttegjere papiret i større grad?

Mange abonnerar på eit magasin eller tidsskrift. Kvifor ikkje låne det bort i byte mot anna lesestoff når du er ferdig med å lese det? Slik får ein lest fleire magasin enn ein vanlegvis ville ha gjort og magasina blir nytta fleire gonger før dei vert resirkulert. Kanskje vil du oppdage nye, spanande magasin som du ikkje har lest tidlegare? Kanskje abonnerer venninna di på eit av dine favorittmagasin? Ved å starte slike magasinsirklar vert lesestoffet nytta i større grad og hyggen aukar proporsjonalt. 😀

Høyr med vener og kjende om dei abonnererer på aviser, magasin eller tidsskrifter og om dei kunne tenkje seg å byte litt på lesestoffet. Det er garantert nokon som tykkjer det er ein god idé! I tillegg til ekstra hygge og informasjon, gjer ein noko positivt for miljøet.

/Inga

6 thoughts on “Gjenbruk / Start lesesirkel 2.0

  1. Så smart. Vet det er noen som gjør det samme med leker til barna, og da blir leken like spennende som ny når man får den tilbake:)

    1. God idé! Dersom ein hugsar tilbake til barndomen var det alltid meir morosamt å leike hjå andre, då dei hadde andre saker enn ein sjølv hadde. 🙂

    1. Ja, ikkje sant! Eg vurderer å gjere det med ei av avisene her. Eg skulle gjerne ha lest 3-4 aviser kvar dag, men tida spring frå meg og papiravfallet blir litt overveldande. No skal eg høyre med ei kusine om me kan bytelåne litt på avisene. Det hadde vore ei genial løysing.

      1. Vi hadde prøveabonnement på Dagsavisen, Aftenposten og Dagens Næringsliv samtidig, og papirberget ble helt enormt. Jeg kommer faktisk til å gå for Dagsavisen mye på grunn av det, for jeg synes det blir så mye papiravfall av Aftenposten. Vi gjenvinner det jo, så klart, men likevel. Å dele aviser høres jo kjempesmart ut. Kanskje noe man kunne driste seg til å spørre naboen om, til og med 🙂

      2. Så absolutt!

        Me har hatt gratisabonnement på diverse aviser me og, og gjort same erfaringa. Per no abonnerer me berre på Aftenposten fredag, laurdag og søndag, men eg saknar det å ha avis kvar dag. Det er ekstra fint å lese trykkfersk avis medan ein drikk morgonkaffi!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s