Shoppestopp 2013 / Draumen om Jenny og Maria

Då 2013 vart det store shoppestopp-året, var det grådig praktisk at dette også vart året der heimelaga vart trendy.

Redesign og strikking er i skotet. Mykje takka vere flinke Jenny Skavlan og Maria Skappel. Dei gir tonnevis av inspirasjon til korleis ein kan skape og gjenvinne det ein allereie har, -på ufatteleg kult vis.

Skappel

Men, så er det det då. Kva når ein har det ein kan kalle «låg måloppnåing» i handarbeid? Når ein aldri fekk tatt symaskinsertifikatet og kvart forsøk på å lære seg å strikke renn ut i sanden fordi ein har tålmod på størrelse med ei ert?

Planen om å bli ein resar på strikking og sying i 2013 er enn så lenge som luftslott å rekne.

Men folkens, ein kan ikkje gi opp allereie i april. Spesielt ikkje når ein har shoppestopp.

Når mi særs energiske venninne Solveig klarar å strikke i timevis og eg har sykyndig tante og kusiner på alle kanter, har eg i grunn ingen unnskyldning lenger.

Bilete lånt på jennyskavlan.no

Eg skal lære meg å strikke og sy. Mest fordi Skappel-genseren ser så uhorveleg romsleg og behageleg ut. Men óg fordi strikking og handtering av symaskin kort og godt er nyttig å kunne som så mykje anna.

Eg er difor framleis strikke- og syom-betatt av Jenny Skavlan og Maria Skappel. Eg skal berre fortsette å mote meg opp litt. I mellomtida skal eg høyre med mormor om ho kan strikke Skappel-genser for meg og halde meg til å tette holete klede med handsaum. Ein må tross alt byrje i det små.

/Inga

Trykk på bileta for å komme til kjelda.

7 thoughts on “Shoppestopp 2013 / Draumen om Jenny og Maria

  1. Jeg har også veldig lyst til å lære meg å strikke og sy. Har i alle fall lyst til å kunne sy putetrekk, gardiner, duker og slikt. Skal høre med mamma om jeg får arve symaskina hennes, for jeg vet at den står et sted og støver ned. 🙂

    1. Ja, ikkje sant det hadde vore fint! Eg har mine mistankar om at det står ein og støver ned hjå mor mi og. Mogleg eg må på skattejakt neste gong eg er heime! 😀

  2. Jeg har lært meg å strikke så smått. Drops garnstudio har instruksjonsvideoer på sin side, og de har jeg brukt flittig. Symaskinen min blir ikke brukt så alt for ofte mest fordi jeg er så usikker på evnene mine. Men det kan jo ikke bli feil, bare annerledes. Har en plan om å sy putetrekk, og det skal gjøres snart… Men det er uansett gull verdt med en symaskin når det gjelder å reparere ting.

  3. Jeg har hatt samme tanker når det kommer til strikking! Men så sa mamma «strikk ett bredt skjerf med rette og vrange masker for å øve deg» og plutselig satt jeg med et to meter langt beige skjerf… Det var utroooolig å føle at jeg har klart å strikke noe ferdig! Nå er neste tingen jeg skal prøve meg på en genser! Foresten, når jeg strikket gjorde jeg det mest mens jeg satt og så på Bones. Kjempekoselig! 🙂

    1. Så flink du er!!

      Eg har alltid vore så imponert over dei som strikkar OG ser på tv. I mitt hovud er det multitasking på høgt nivå. Innser likevel at dette bør vere ei øvingssak, så kanskje eg må rigge meg til med ein serie og strikketøy? Det skal prøvast ut.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s