Mat for huda #2

DSC_0017 7Eg skreiv for ei stund tilbake om den geniale Skin Food-kremen til Weleda. Her kjem eit nytt, miljøvenleg hudpleietips!

Eg las om Kremfresh via ein blogg for eit halvt år sidan. Eg vart særs imponert over miljøfokuset deira. Mellom annan er det kortreiste produkt då dei vert produsert her i Noreg. Merket er mot dyretesting og alle produkta er håndlaga for at det skal vere så skånsomt som mogleg mot naturen. På toppen av det heile nyttar dei berre fairtrade-merka ingredienser og resirkulerer emballasje.

Det eg har prøvd av produkta deira er strålande. Eg elskar kroppskrubben deira HeltMarinade med mandel og mandarin. Ein må heller ikkje gløyme den geniale kremen Smør på flesk (kunne ikkje funne eit meir treffande namn) som ein nyttar på fuktig hud.

Leppeskrubben gløymer eg heilt bort å bruke, men er god når den ein gong blir hugsa på. Spesielt på tørre vinterlepper. Eg har og ein farga leppepomade som er i bruk kvar dag.

Kortreist, norsk og handlaga med snille ingredienser. Det er verdt å tipse vidare om!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s