Raudbetpesto

DSC_0031 7

Eg er over gjennomsnittet glad i raudbetar. På leverposteiskiva, i smoothies, i salat og til og med i bakst. Laurdag gjorde eg ein liten raudbetvri på helgepizzaen.

I tillegg til vanleg pizza margherita med tomatsaus, laga me nokre med raudbetpesto. Saman med litt spinat, salt geitost og valnøtter vart det veldig godt. Raudbetpestoen smakar søtleg men har likevel litt spark grunna kvitlauken og basilikumen.

Då det var meir igjen etter pizzaproduksjonen, vart resten oppete på rista brød under søndagsfrukosten. Nydeleg!

DSC_0038 9

Raudbetpesto

  • 2 medium raudbetar
  • ei handfull basilikum
  • ei handfull valnøtter
  • ei handfull grovreven parmesan
  • 2 kvitlauksfedd
  • salt og pepar
  • olivenolje

Skrell raudbetane og kok dei til dei er møre. I mellomtida rister ein valnøttene i ei varm steikepanne. Når det byrjar å lukte nøtteaktig set ein steikepanna til sides. Når raudbetane er ferdige, køyrer ein alle ingrediensene i ein kjøkenmaskin eller med stavmiksar. Hell i litt og litt olivenolje til pestoen har ynskja konsistens. Smak til med salt og pepar.

Server på godt brød eller pizza.

/Inga

2 thoughts on “Raudbetpesto

  1. Det var lurt. Jeg har bare brukt rødbeter i juicemaskinen min, men godt med litt variasjon. Sitroner er for resten handlet inn sånn at jeg kan lage limonaden «din» 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s