Shoppestopp 2013 / April

Eg fekk eg fekk! Somararmband frå kusine som ikkje kom til å bruke det. My precious......
Somararmband frå kusine som ikkje kom til å bruke det. Eg er heldig eg!

April er overstått og dette vart ein mindre flaksande månad enn den forrige. Denne månaden vart prega av eit fint kleslån, nokre realitetssjekkar rundt eigen kroppsform og oppdaging av bruktklede på nettet.

Observasjonar:

  • ein må ikkje i bruktsjapper for å finne bruktfunn. Ein kan gjerne shoppe brukt på nett! I reglementet for shoppestopp-året, er det avklara at ein kan kjøpe brukte klede. Eg har så langt ikkje kjøpt noko som helst, men har fått mange fine tips med omsyn til bruktklede og vintage. Eige innlegg om dette kjem!
  • det er veldig morosamt å låne klede av andre. Då har ein plutseleg tilgong til langt fleire klede. Kanskje dukkar det opp såkalla nøkkelplagg ein gjerne skulle hatt sjølv, -og som ein verkeleg hadde brukt grunna komfort og utsjåand. Eit av måla med dette prosjektet er å bli hakket meir reflektert over kva ein treng og verkeleg hadde brukt av plagg. Låning av andre kan føre til lengre prøvetid og grubletid, noko som er positivt om ein vurderer å investere i eit plagg på sikt. Eg og buksa til Silje var ute på vift forrige helg.
Eg sit og luftar buksene til andre.
Eg sit og luftar buksene til andre.
  • dette er ikkje året for å prøve ut supersizeme-prosjektet. Ei heller er det året for å gå veldig ned i vekt. Dette er året for å halde formen akkurat slik som den er, slik at kleda passar året ut. Du er flott som du er!
  • fleire av plagga som blir lite brukt eller som er ubrukt, er ofte grunna notorisk kjøp av klede til ein annan kroppsfasong enn den ein eigentleg har. Når ein då oppdagar at kleda ikkje er så komfortable å gå med fordi dei er for korte/lange/trange/vide, vert dei liggande. Sanninga er: komfort går som oftast foran stil. Etter 26 (snart 27 år), er det på tide å ta ein kik i spegelen og innsjå at kleskjedene sine korte genserar ikkje passar til laaange overkroppar.
Bar mage. Kult på slutten av 90-talet. Ikkje særleg kult no. Dette er forøvrig eit beskjedent bilete i forhold til korleis denne genseren plar oppføre seg under bruk.
Bar mage. Kult på slutten av 90-talet. Ukult og ukomfortabelet i 2013. (Dette er forøvrig eit beskjedent bilete i forhold til korleis denne genseren og andre overdelar eg har plar oppføre seg. Hallo tubetopp! Mon tru om ein i framtida kan bestille genserar med skøyt?).

Kvifor eg utfører shoppestopp i eit år, kan du lese om her.

/Inga

4 thoughts on “Shoppestopp 2013 / April

  1. Lange gensere kan brukes i skjørt ala UnderbaraClara 🙂 Ellers har jeg akkurat det samme problemet. Det med å bytte og låne bør man virkelig gjøre oftere. Jeg lånte kjole av en venninne til navnefest og den var nydelig! ville aldri funnet noe i butikken jeg ville vært like fornøyd med, og ikke minst så er det økonomisk for meg:) Så kan hun låne av meg neste gang.

  2. Det var eit godt tips! Eg merkar genserane blir liggande ubrukt då eg alltid frys når eg har dei på meg.

    Så kjekt å høyre at du og har gode erfaringar med låning av klede! Det er ein ufatteleg fin måte å få litt variasjon på. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s