Kjølande knask til varme dagar

DSC_0007 9   DSC_0011 7

Frosne druer er nydeleg no om våren og somaren. Heilt sidan eg kom over det gode tipset, har eg stadig vekk hatt ein klase frosne druer liggande i fryseboksen. Grunna mykje sødme, får druene ein sorbet-aktig konsistens og blir ikkje harde.

Druene er kjølande, søte og supre å knaske på på varme somardagar.

Skyll druene og klapp dei tørre med eit kjøkenhandklede. Legg dei i ein pose eller tilbake i emballasjen før du plasserer dei i fryseboksen. Etter nokre timar er dei frosne.

Frosne druer er óg genialt å nytte i smoothies, så det er lurt å ha eit lite lager. Eg likar best dei raude, steinfrie druene då dei har mest sødme, men her må ein smake seg fram.

God 1. mai!

/Inga

3 thoughts on “Kjølande knask til varme dagar

  1. Jeg syns det er rart, men jeg liker ikke frosne druer… Og jeg er mega druefan ellers, kan lett spise en kilo helt alene på kort tid. I dag har jeg hatt fruktsalat med druer i 🙂

  2. Ja, ikkje sant! Dei frosne druene er best når dei er heilfrosne. I det dei byrjar å tine blir dei mindre gode, så det gjeld å ete fort!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s