Gjenbruk / Forny det du har

Den kvite Stockholm-stolen fekk og ny vårdrakt.
Den kvite Stockholm-stolen fekk og ny vårdrakt.

«Har de kjøpt nytt trekk til sofaen for 2000 kr? Då kunne de jo nesten ha kjøpt ein ny sofa!».

Den kommentaren har me fått frå fleire etter at me pussa opp sofaen vår no i vår. Det er ikkje ein urimeleg kommentar, då møblar, som klede, er noko som vert billegare og billegare. Eg forstår godt at det er første reaksjonen til mange. Me er eit samfunn av forbrukarar.

Ikeasofaen som me kjøpte under studietida var i januar eit trasig syn. Rivna trekk med øydelagde glidelåsar. Ein planke som var knekt og ei sittepute som hadde fordufta under flytting. Puta og planken har me fått erstatta, men trekket skulle vise seg å vere ei lita nøtt då Backa-sofaen var gått ut av produksjon hjå Ikea. Trekk var ikkje å oppdrive. Typisch.

Vegen kunne synast kort til å byte ut heile sofaen …men den var jo i utgangspunktet fin! Den var jo ekstremt komfortabel! …og den var jo studentsofaen vår!

Før-bilete takk i grusomt shabby post-sofakveld versjon. I dårleg belysning. -For det er slik ein gjer det i bli-ny reportasjar!
I god bli-ny-reportasje-ånd tok eg eit skikkeleg shabby før-bilete av modellen post-sofakveld.

Å kaste eller gi bort ein fullt brukande og fin sofa for så å kjøpe ny, kjendes heilt feil. Om ikkje sofaen vart kasta, ville me likevel bidra til nok ein sofa, nok ein ting, i omløp, som til sjuande og sist ville ende som avfall.

Vel vetande om at me om nokre år mest sannsynleg kjem til å flytte inn i ein større bustad, vart det nok eit argument. Der vil det gjerne vere ei kjellarstove eller loftstove. Då vil det vere praktisk med ein ekstra sofa. Gjerne ein med vaskbart trekk som kan herjast med. Å kaste ein brukssofa no, for så å kjøpe ny som igjen vil bli nytta som ekstrasofa om nokre år, vart meiningslaust. Sofaen var ikkje berre god nok no. Den hadde også gode framtidsutsikter!

Etter å ha kika rundt på Finn.no og verdsveven, enda eg til slutt på nettbutikken Bemz.

Dei syr trekk til Ikea-møblar og ein kan velje mellom eit hav av stoff i ulike fargar, mønster og kvalitetar. Ein kan bestille gratis tekstilprøvar, så kan ein kjenne på, gruble og samanlikne ulike trekk før ein bestemmer seg.

Dette er forøvrig ikkje reklame. Eg er berre heidundrande begeistra over nettbutikken (og letta over at eg slepp å sy).

Me enda på eit trekk som likna det forrige (så kreative og spanande er me). Etter litt kom flott trekk med langt kraftigare glidelåsar i posten.

DSC_0304

No står studentsofaen og kneiser i stova og ser ikkje ein dag eldre ut enn 2007. Den ser nesten litt Slettvoll-ish ut, og eg er så nøgd! Det vart eit særs vellukka gjenbruksprosjekt.

No står student-kjøkenbordet og stolane for tur. Dei skal få ny nyanse og ny vår i post-studentlivheimen vår. Og eg gler meg. Har de pussa opp eigne møblar eller bruktfunn? Har de prosjekt som har vorte spesielt bra?

/Inga

7 thoughts on “Gjenbruk / Forny det du har

  1. For et flott konsept! Kjekt å vite at slike tilbud finnes, for jeg er allerede litt bekymra for at det lyseblå trekket på sofaen vår skal se litt …shabby ut om noen år.

    I vinter pussa Ståle og jeg opp ei spisestue i teak, det ble fint! Vi pussa bordplata, rensa og olja inn alt og trakk om stolputene. Det ble vel like dyrt som å kjøpe en ny spisestue på Ikea, men gamle teakmøbler har jo lenger levetid, så det gjør ikke noe.

  2. For en fantastisk nettbutikk! Jeg har malt skap og bord med min bestevenninne, og det var veldig morsomt. Det blir jo et helt nytt møbel. Hun gikk fra å være litt lei møblene til å elske dem:)

    1. For eit morosamt prosjekt!

      Mala de dei i ny farge eller vart det trebeis for å justere trefargen som allereie var der? Eg grublar på å lakke kjøkenbordet og stolane i ein litt mattare farge, men har ikkje heilt fått oversikten då det er så mange alternativ og moglegheiter.

      1. Møblene var litt kjedelig 90-talls trefarge, så vi malte dem helt hvite(husker ikke hvilken nyanse). Det ble veldig fint, men man kan jo ikke gå tilbake til det som var før hvis man angrer…

  3. Godt reflektert rundt gjenbruk. Du har definitivt noe å bidra med i Bruktduellen – enten i månedens utfordring på NIB eller med bilder på Instagram (#bruktduellen)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s