Jakt på det perfekte brødet

DSC_0524

Etter å ha budd to år i Tyskland, kom aldri norsk butikkbrød til å bli det same.

Brød i Tyskland er som pasta i Italia. Tyskarane kan brød, og då også grovbrød som ein ofte ikkje finn dess lengre sør ein kjem i Europa. Sprø skorpe, ein fantastisk luftig tekstur, nydeleg smak og ein enorm variasjon i utvalet. Då ein i tillegg har større tradisjon for å handle hjå den lokale bakaren i staden for butikk, er kvaliteten på brøda høg.

I Hamburg handla vertsmora mi ferske rugbrød på kvardagane. I helgane var det helgefrukost med knackfrische Brötchen. Alt handla hjå den lokale bakaren ein kort sykkeltur unna. Då eg skulle på utveksling til Heidelberg i 2010, vart difor det lokale bakeriet raskt oppspora. Du veit; when in Rome..!

Brusteinane utanføre Gundel. Fint!
Brusteinane utanføre Gundel. Fint!

Gundel låg rett rundt hjørnet og me vart stamkundar det året me budde der. For eit år og for nokre brød! Eg trur me smakte oss gjennom alle sortane.

Då me kom tilbake til Noreg, starta jakta på Gundelaktige brød. Det var ikkje vanskeleg å finne dei hjå ulike bakarar, men det var ingen lokale bakeri i umiddelbar avstand. Det å ikkje ha eit lokalt bakeri lenger, førte til ny forsking: korleis lage Gundel-brød heime?

Brusteinsdekorasjon av brød.
Brusteinsdekorasjon 2.

Etter litt kom eg over konseptet eltefrie brød på den supre matbloggen Mat på bordet. Eltefrie brød skulle vise seg å vere skikkelege Gundelbrød!

Dama bak bloggen, Ina, hadde oppdaga no knead bread på nettet og introduserte det via bloggen sin. Grunnoppskrifta viste ho fram i ein videosnutt som ho la ut på bloggen, fulgt av ei enorm mengde oppskrifter med ulike variantar.

Etter dette har Ina så og sei blitt No knead bread sin ambassadør i Noreg, noko som mellom anna har resultert i bakeboka Eltefrie brød og himmelske kaker.

Eg møtte Ina då eg var med i bakekonkurranse i Mathallen i desember. Eg klarte å mote meg opp til å spørje om eit bilete. Ina var ekstremt hyggeleg og dyktig. Bak oss ser de Pascal Depuy som var ein av dommarane.
Eg møtte Ina då eg var med i bakekonkurranse i Mathallen i desember. Eg klarte å mote meg opp til å spørje om eit bilete. Ina var ekstremt hyggeleg og dyktig. Bak oss ser de Pascal Depuy som var ein av dommarane. Kjekk som berre det (og heilt ufarleg) han óg!

Så kva er eltefrie brød?

Eltefrie brød er laga av deig som ikkje skal eltast og som skal heve i 12-18 timar. Brøda skal steikast i jerngryte i steikeomnen. Resultatet er luftige brød med sprø skorpe. Teksturen i brøda er som i bakeribrøda og det smakar himmelsk! Om ein ikkje har jerngryte, kan ein også nytte römertopf eller vanlege brødformer (om ein nyttar brødform er det ikkje like lett å få sprø skorpe). Eg har også baka ciabatta og rundstykke på brett med fint resultat. Moglegheitene er mange!

Eg er kort og godt heilfrelst. Det som slår meg er kor ufatteleg enkelt og grunnleggande heile brødbakeprosessen er. Deigen skal i stor grad få vere i fred og kvile før den hamnar i omnen. Resultatet er fantastisk.

Før du hiv deg rundt, anbefaler eg å lese grunntrinna nedanfor og sjå filmsnutten til Ina.

Eltefritt brød

Grunnoppskrift:

  • 500 g mjøl
  • 1,5 ts salt
  • 0,5 ts tørrgjær
  • 4 dl vatn

1. Rør saman dei tørre ingrediensene. Hell i lunka vatn og rør blandinga saman. Ein skal ikkje elte, berre røre.

2. Dekk til deigen og la den heve i 12-18 timar.

3. Dryss litt kveitemjøl på eit bakepapir som du har på kjøkenbenken. Legg deigen på toppen. Brett deigen nokre gonger før du legg den med brettesida ned. Legg bakebolla over og la deigen kvile i 2 timar til.

4. Sett ei jerngryte med lok i steikeomnen når det er ein halvtime igjen av etterhevinga. Varm omnen opp til 250 grader.

5. Ta gryta ut av omnen, velt deigen over i gryta og sett den inn i omnen igjen med loket på.

6. La brødet steike på 250 grader i 30 minutt. Etter dette fjerner du loket og seinker temperaturen til 220 grader. La brødet steike vidare i 15 minutt.

7. Løft gryta ut av steikeomnen og kvelv brødet ut på ei rist. La det kjølne heilt (om du klarar å vente!).

Eg skal bake brød i helga og kjem til å legge ut nokre av favorittoppskriftene mine her. Gi gjerne ein lyd om du tester ut eltefrie brød og fortell korleis det vart!

Ha ein flott laurdag!

/Inga

3 thoughts on “Jakt på det perfekte brødet

  1. Å bake er noe av det koseligste jeg gjør. Men brødbaking er ofte litt styr når man baker fire brød om gangen, så da kan eltefrie brød friste. Jeg innbiller meg at jeg har sett noen lage det i brødformer på en blogg en gang så kanskje jeg må teste ut selv om jeg ikke har jerngryte eller römertopf. Hvordan holder brødet seg? Kan det fryses? Og kan man lage skikkelig(!) grovbrød med eltefri deig?

  2. Ein kan lage eltefrie brød med vanlege brødformer også. Det går heilt fint! Det einaste er at ein gjerne ikkje får den same sprøe skorpa.

    Det grovaste brødet eg har baka, er med 200 g kveitemjøl og resten sammalt. Sjå oppskrifta her: http://www.matpaabordet.com/2012/09/brd-med-rug-og-kesam.html .

    Eg er veldig glad i mørkt og særs grovt rugbrød. Mormora mi bakar Ingers rugbrød og det er frykteleg godt. Eg har prøvd å bake det sjølv ein gong utan hell. Skal forske litt vidare på det og gir beskjed om eg kjem fram til ein god framgongsmåte. Eg har ein idé om at det kan fungere bra som grytebrød, så det må testast ut!

    Om eg veit at brødet ikkje vert ete opp i ein fei, plar eg skjere opp halve brødet i skiver og fryse det når det har kjølna. Då kan eg ta ei og ei skive opp av frysen etterkvart som me er tomme. Elles plar eg ikkje pakke det inn i plastikk. Eg folder det heller inn i eit kjøkenhandklede slik at skorpa held seg sprø og fin. Brødet held seg i mange dagar. Om det vert litt tørt, hiv du skivene i brødristaren så vert det heilt nydeleg igjen!

    Lukke til!

  3. Eg opplyste om at ein kan bake brødet i vanlege brødformer i innlegget etter at du spurte om det, då eg heilt hadde gløymt å skrive det inn. Takk for at du spurte om det! Eg kjem til å lage eit eige innlegg om jerngryte, römertopf og brødformer, slik at alle kan bake desse fine brøda!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s