Halvgrovt brød med vørterøl og spelt

DSC_0069 4

Her er ein fin variant av eltefritt brød. Brødet inneheld vørterøl, linfrø og litt spelt. Om ein ikkje har vørterøl kan ein byte det ut med vatn, og speltmjølet med sammalt kveitemjøl eller anna grovmjøl.

DSC_0061 5

Ingredienser

  • 300 g sikta kveitemjøl
  • 100 g sammalt kveitemjøl
  • 100 g grovmalt spelt
  • 50 g linfrø
  • 0,5 ts tørrgjær
  • 1,5 ts salt
  • 0,33 l vørterøl*
  • 0,7 dl vatn*

1. Rør saman dei tørre ingrediensene. Hell i lunka væske og rør blandinga saman. Ein skal ikkje elte, berre røre.

2. Dekk til deigen og la den heve i 12-18 timar.

3. Dryss litt kveitemjøl på eit bakepapir som du har på kjøkenbenken. Legg deigen på toppen. Brett deigen nokre gonger før du legg den med brettesida ned. Legg bakebolla over og la deigen kvile i 2 timar til.

4. Sett ei jerngryte med lok i steikeomnen når det er ein halvtime igjen av etterhevinga. Varm omnen opp til 250 grader.

5. Ta gryta ut av omnen, velt deigen over i gryta og sett den inn i omnen igjen med loket på.

6. La brødet steike på 250 grader i 30 minutt. Etter dette fjerner du loket og seinker temperaturen til 220 grader. La brødet steike vidare i 15 minutt.

7. Løft gryta ut av steikeomnen og kvelv brødet ut på ei rist.

* Det er ein fordel om vørterølet har stått i romtemperatur i forkant, slik at væska er lunka.

Nyt brødet rykande ferskt med godt pålegg og noko godt i koppen!

DSC_0074 4

Kor grovt er eigentleg brødet eg bakar?

Dersom du lurar på kor grovt brødet du bakar eigentleg er, kan du legge inn mjølingrediensene i Brødskala-kalkulatoren til Opplysningskontoret for brød og korn. Der får du brødet kategorisert etter dei same brødskalamerkingane som ein finn på brøda ein kjøper i butikk. Dette er ei nyttig matmerking for å vete kor grovt brødet ein kjøper eigentleg er.

Brødet med vørterøl og spelt er halvgrovt!

halvgrovt

Ha ein fin søndag!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s