Eltefritt brød / Jerngryte, römertopf eller vanlege brødformer?

DSC_0081 4

Har du ikkje jerngryte til å bake eltefritt brød med? Kein Problem!

Her er nokre tips til kva du bør sjå etter dersom du ynskjer å gå til anskaffing av jerngryte, eller om du heller ynskjer å bruke vanlege brødformer.

Jerngryte

Det beste er å steike eltefrie brød i anten jerngryte eller römertopf. I oppvarma tilstand fungerer desse behaldarane med lok som små bakaromnar. Det er dette som mellom anna gjer at skorpa blir såpass sprø.

Eg kjøpte ei jerngryte frå Denby for eit gåvekort me fekk til bryllaupet. Denne gryta er eg utruleg nøgd med og eg nyttar den ofte. Den er fantatisk til gryter, pastasausar, supper, -og ja, eltefritt brød. Den er 24 cm i diameter og rommar 4 liter. Denby er den britiske og litt rimelegare versjonen av Le Creuset. Mange svergar til Le Creuset, men Denby er like bra!

Om du ikkje har jerngryte eller ikkje ynskjer å bruke mange kroner på det, er dette tida for å gå på loppejakt! Med dei mange loppemarknadane som er no, kan ein ofte finne fine jerngryter for ein slikk og ingenting. Om ein ikkje finn på loppemarknad, kan ein også gjere kupp i brukthandlar og på Fretex. Gode jerngryter treng ikkje koste mykje. Det viktigaste er at dei har jernlok og at alle deler toler høg varme.

Römertopf

Denne saken er det mange som har i hus etter 70-talet. Om du ikkje har ein sjølv, har kanskje foreldra dine ein? Römertopf er ikkje berre genial til steik og heil fugl. Den fungerer like fint som jerngryte når ein skal steike eltefrie brød. Følg same framgongsmåten som når ein nyttar jerngryte, men hugs at ein römertopf må stå i vatn i minst 30 minutt før ein set den i omnen.

Brødformer

Ein kan like gjerne bruke brødformer når ein bakar elterfritt brød. Bakdelen er som sagt at skorpa gjerne ikkje blir like sprø. Den store fordelen er at ein kan bake fleire brød!

Dersom du vil nytte vanlege brødformer kan du sjå framgongsmåten her. Nokre viktige merknadar er at ein skal etterheve deigen i brødforma og steike brøda på 220 grader i 30 minutt. Steiketid og framgongsmåten under heving er difor litt annleis.

God baking!

/Inga

Psst! Mat på bordet har i desse dagar ein konkurranse der ein kan vere med i trekninga av jerngryte frå Le Creuset! Hiv deg med på den, så kanskje du er heldig!

2 thoughts on “Eltefritt brød / Jerngryte, römertopf eller vanlege brødformer?

  1. Jeg satser på å finne en Römertopf på loppis/fretex snart 🙂 Jeg har dessuten veldig lyst til å prøve å lage mat i en römertopf så da blir det jo vinn-vinn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s