Smoothie med raudbete, ingefær og bringebær

DSC_0092 2 DSC_0100 3

Eg kikar ut vindauget og det høljar ned. Kor vart det av maiveret? 17. mai skal feirast i Bergen i år. Trass i venta meldingar om regn i regnbyen, gler eg meg uhorveleg til fine vener, buekorps, bunad og alt som høyrer til. 17. mai er ein staseleg dag!

Om det regnar eller ikkje regnar; her er ei lita vitaminbombe som hever dagar med kvardagsgruff.

Ingredienser (1 stort glas)

  • 1 lite glas mjølk
  • 1 kopp frosne bringebær
  • 1/2 banan
  • 1 raudbete
  • 1 ts finhakka ingefær

Skrell banana og raudbeten og del opp i grove betar. Køyr alle ingrediensene i ein blender eller med stavmiksar. Voila!

/Inga

4 thoughts on “Smoothie med raudbete, ingefær og bringebær

  1. Har aldri brukt rødbete i smoothie, kun i juice. Smaker det ikke veldig rødbete når man bruker en hel? Jeg har litt angst for smoothie etter at samboeren har drevet propaganda om hepatitt A og frosne bær. Sukk, og jeg har så lyst på smoothie nå som det er blitt varmt…

    1. Det eg var mest skeptisk til, var om smoothien vart melete eller for spesiell i konsistensen med raudbet. Det gjekk likevel heilt fint, – i tillegg får ein med alle dei nyttige grønsaksfibrane som ein ikkje får med når ein lager juice. Raudbet har ein søt og fin smak som passar godt i smoothien. Kor godt det smakar har eigentleg overraska meg litt!

      Angåande dei frosne bæra: gulp! Eg har tenkt litt på dette eg og. Då hepatitt-saka byrja å komme i norske medie, kutta eg og ut frosne bær ei stund. No står eg over jordbæra og køyrer heller på med blåbær og bringebær. Har berre høyrt om jordbær så langt og då saka i tillegg har stilna i media og ein ikkje har funne nokre tilfelle i Noreg, har eg tatt det meir med ro.

      Eg håpar og trur det ikkje kjem til å komme nokre tilfelle i Noreg, slik at me kan frotse i smoothie til somaren! 😀

      1. Ja, jeg er også mest skeptisk til jordbær. Men har lest at det er de utenlandske bærene man skal holde seg borte fra, og coop blåbær for eksempel er faktisk ville, norske blåbær. Jeg har til og med testet dem på lab(på studiet mitt), og de er jo smekkfulle av antioksidanter i motsetning til de kultiverte blåbærene(gigantiske, smaksløse som finnes i fruktavdelingen på vinteren). Så de er det vel egentlig bare å pøse innpå med 😉

        Nå må jeg prøve med rødbete i smoothie! Jeg kan jo heller bruke litt strategisk tilbehør.

      2. Så stilig at du har testa det ut!!

        Eg ser at dei frosne blåbæra eg kjøper på Rema 1000 også har opprinnelsesland Noreg. Det er eit godt teikn. Eg tykkjer også at dei store blåbæra er mindre interessante då dei verkar å være særs sprøyta, har reist langt, og ikkje minst manglar den fine blåfargen inni!

        Lukke til med raudbetsmoothien!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s